Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe blomster foran et rødt hus

Vinterdalen barnehage

Vinterdalen barnehage er ein av dei fire barnehagane i Helse Bergen. Barnehagen har 4 avdelingar med vel 60 born i alderen 1-6 år: Veslefrikk, Fjellfina, Tyrihans og Askeladden.

Vinterdalen barnehage ligg like ved Sandviken sjukehus heilt oppe i skogkanten. Vi har utsikt mot byfjorden og kort veg ut til naturen. Barnehagen legg vekt på gode relasjonar mellom menneska i barnehagen. Ein balanse mellom fast og nær tilknyting på eiga avdeling, og samspel med barn og vaksne i heile barnehagen gir eit godt fundament for venskap og livsmeistring. 

Fokusområde 2025–2026: Leik og leikemiljø

Barnehagen vil den neste perioden ha ekstra fokus på å skape eit variert og inkluderande leikemiljø. Barna skal kvar dag oppleve eit miljø og ein atmosfære som inviteter til leik og set kreativiteten i sving. Fantasifull leik og samspel gir grunnlag for både læring og gode relasjoner med andre.  

Vinterdalen årsplan.pdf

Kontakt

Styrar - telefon

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Vinterdalen barnehage Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Opningstida er måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.45. Jul- og nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

Planleggingsdager 2025 - 2026:
  • Mandag 8. september 2025
  • Fredag 7. november 2025
  • Fredag 30. januar 2026
  • Fredag 20. mars 2026
  • Fredag 15. mai 2026