Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klinisk forskningspost

Klinisk forskingspost blei etablert som eit tiltak for å fremme og legge til rette for klinisk forsking ved Haukeland universitetssjukehus. Vi samarbeider med Universitetet i Bergen (UiB) og er delt i to forskingseiningar; ein for vaksne og ein for barn.

Forskingsposten legg til rette for kliniske studiar med utspring i det lokale forskarmiljøet ved HUS og UiB, gjennom tilbod av infrastruktur og kompetanse. I tillegg vert det drive oppdragsforsking for eksterne oppdragsgjevarar.

I tillegg til ein godt kvalifisert kjernestab med lege og sjukepleiarar, stiller Helse Bergen lokale til rådigheit. Kjernestaben vår er behjelpelege med dei ulike trinna i kliniske utprøvingar; gjeldande lovverk / retningslinjer, søknadsprosess, protokollskriving og logistikk.

 

Om posten

Forskingsposten legg til rette for kliniske studier med utspring i det lokale forskarmiljøet ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, gjennom tilbod om infrastruktur og kompetanse.

I tillegg driv vi oppdragsforsking for eksterne oppdragsgivarar.

Kliniske utprøvingar

Vi oppmodar alle kliniske forskarar ved sjukehuset og universitetet til å ta kontakt for planlegging og / eller gjennomføring av kliniske utprøvingar - også dei som er finansiert eksternt.

Tilbodet vårt

Prosjekt initiert av forskarar kan få tilgang til bruk av posten utan leigekostnadar. Ved behov for ekstra studiepersonell og undersøkingar blir dette avtalt på bakgrunn av det enkelte prosjekt.

Gjennom Legemiddelansvarsforeningen har Forskingsposten teikna forsikring for forsøkspersonar som er knytt til prosjekt ved posten.

Vi har også søkt generelt biobankløyve for prosjekt som blir gjennomført hos oss.

Samarbeid med FHU

Klinisk forskingspost har eit samarbeid med Forskningsenhet for helseundersøkelser, der vi bidreg med ein sjukepleiarstilling.

 

Eining for vaksne

Forskingslege

Helsesekretær

Forskingskoordinatorar / sjukepleiarar

Eining for barn

Forskingslege

Forskingskoordinatorar / sjukepleiarar  

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi er delt i to forskingseiningar; ein for vaksne og ein for barn:

Eining for barn er lokalisert i Glasblokkene
Telefon: 417 01 602
E-post: kfpb@helse-bergen.no  

Eining for vaksne er lokalisert i Sentralblokka
Telefon: 55 97 28 90
E-post: kfpv@helse-bergen.no  

 

    Persontilpasset kreftbehandling: biomarkører i kliniske studier

    Ved å tilpasse kreftbehandlig til den enkelte person vil pasienten i mindre grad utsettes for unødig behandling og sjansen for å overleve øker. Denne kliniske studien skal bidra til mer persontilpasset kreftbehandling ved å undersøke biomarkører i flytende biopsier.
    Les mer om studien