Kommande kurs (kl 08.30 - 15.30):
- 18.februar 2025
- 13.mai 2025
Eit kurs for deg som vil trivast og føle deg trygg i rolla som kursleiar og ta grep om planlegging og gjennomføring av kurs!
Målsetting
Kursdeltakare skal ha eit godt utbytte av eit kurs. Som kursleiar og kursansvarleg har du stor påverknadsmoglegheit for å bidra til kursdeltakarane sitt utbytte.
På dette kurset lærer du:
- Korleis sikre smart planlegging og gjennomføring av kurs
- Medvit om innhald og form
- Korleis få til ein pangstart
- Korleis involvere deltakarane og bruke ei gruppe godt
Målgruppe
Kurset er gruppebasert opplæring og profesjonsuavhengig, for tilsette i helseteneste/kommune, alle som driv med kurs eller ønsker å starte med kurs.
Logg in - Læringsportalen