Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Parkinsons sjukdom. For deg som har hatt diagnosen i meir enn to år.

Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.

11.
mars
2025
  1. 11. mars 2025, 08:45 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 11. mars 2025, 08:45 - 15:00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Nevrologisk akuttpost; Lærings- og meistringssenteret

Kvar

Lærings- og mestringssenteret
Ulriksdal Helsepark
Ulriksdal 2, 4.etg.
5009 Bergen

Påmelding

For å delta trenger du tilvising frå lege. Det kan vera din fastlege eller lege på sjukehuset.

Denne kan sendast elektronisk til Nevroklinikken. Merk tilvisinga med pasientopplæring og ønsket kurs.

Du får stadfesting om plass.

Ver vennleg å melde frå om pårørande også deltar, og om spesielle behov.

Meld frå til fastlegen ved behov for sjukemelding.

Pårørande treng ikkje eiga tilvising.



 

Målgruppe

Kurset er for deg som har levd med Parkinsons sjukdom over tid og dine pårørande. 

Kostnader

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding 

Sjå under tilvisning.

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, fysioterapeut, sosionom og brukarrepresentant.

Parkering

Det er parkering mot betaling i Ulriksdal Helsepark og i parkerinsanlegga like over gata for Ulriksdal Helsepark og ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Kontakt