Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Gruppebilde ansatte på sengepost. Foto

Lungeavdelinga post 1

Lunge post 1 har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 12 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse.

Kl. 17.00-20.00 alle dagar.

Der er legevisitt alle kvardagar mellom kl. 09.00 - 11.00.
I helga er det ikkje rutine med legevisitt til alle pasientar. Har du spørsmål til vakthavande lege, kan du ta kontakt med sjukepleiar. Dersom du ønskjer at pårørande skal vere med på legevisitten, må
det avtalast dagen før. Ta kontakt med sjukepleiar dersom dette er aktuelt.
Den dagen du skal skrivast ut er det ikkje vanleg legevisitt, men legen vil gi deg utskrivingspapir og informasjon før du reiser.

• Trening med fysioterapeut. Du må ha tilvising frå lege.
• Samtale med sosionom. Lege eller sjukepleiar kan formidle kontakt.
• Samtale med sjukehusprest. Presten er tilgjengeleg for pasient og pårørande. Personalet kan formidle kontakt.

Blodprøver blir vanlegvis tatt klokka: 08:00 + 12:00 + 15:30 + 19:30
Om du veit det er bestilt blodprøver på deg, er det ein fordel om du oppheld deg på rommet på desse tidspunkta. Er du i tvil om du skal ta blodprøve kan du spørje sjukepleiar. Du må rekne med å vente
litt både til blodprøvetaking og undersøkingar.

Helsepersonell har teieplikt. Det inneber at vi ikkje kan gi informasjon om din helsetilstand til pårørande utan at du har gitt ditt samtykke.
• Når helsetilstanden din gjer deg i stand til det, ønskjer vi at du sjølv informerer pårørande om helsa di.
• Kvar pasient bør ha ein pårørande som er hovudkontakt for helsepersonell. Vi treng namn og telefonnummer.
• Det er mogleg å avtale ein informasjonssamtale med legen, saman med ein eller fleire pårørande, dersom pasienten ønskjer det.

Avdelinga kan hjelpe til med informasjon og oppfølging av barn som er pårørande til alvorleg sjuke. Vi kan gi råd og rettleiing til føresette/besteforeldre, samt hjelpe til med å informere skule/barnehage og
helsesøster.

07.00 - 08.45 Vaktskifte og rapport. Blodtrykk-, puls- og temperatur-måling, og morgonstell
08.45 - 09.30 Frukost og medisinar
09.00 - 11.00 Legevisitt
12.00 - 13.00 Lunsj og medisinar
14.30 - 15.30 Rapport og vaktskifte
16.00 - 16.30 Middag
17.00 - 20.00 Visittid / besøkstid
19.30 - 20.30 Kveldsmat
21.00 - 22.00 Medisinar
21.30 - 22.00 Vaktskifte og rapport

Som pasient er du sjølv ansvarleg for verdisakene dine, så ta med minst mogleg til sjukehuset. Ved behov kan vi låse vedisakene dine inne. Da får du ei kvittering på det vi har tatt vare på.

Dersom du har lyst til å gå ein tur, er det fint om du gir beskjed til personalet før du går.

Vi har eit røykfritt miljø på Haukeland universitetssjukehus. Bruk anvist røykeplass. Næraste røykeskur er i 0. etasje.

Ønske om permisjon vil som regel bli innvilga etter avtale med lege. Vi gjer merksam på at reiseutgifter i samband med permisjon ikkje blir dekka av NAV eller sjukehuset.

Den dagen du skal skrivast ut vil det vanlegvis skje mellom kl. 13.00 og 16.00.

08.00-09.00 Frukost
12.00-13.00 Lunch
15:30-16.30 Middag
19.30-20.30 Kvelds
Spisestua er berre for pasientar. Pårørande og besøkande må kjøpe mat i kiosk, kafeteria eller på automat. Det er også to daglegvarebutikkar i nærleiken av sjukehuset. 

Det er besøkstid (visitt) i tidsrommet 17.00-20.00 alle dagar.

Besøk kan vere ei god avveksling når ein er pasient. Vi set stor pris på at pårørande og venner respekterer våre besøkstider. Vi har ansvar for å legge til rette for god pasientbehandling og arbeidsflyt i avdelinga.

Ta ikkje på deg parfyme eller ta med blomster når du skal til Lungeavdelinga. Dersom pasienten ligg på einerom kan du høyre med personalet om han/ho kan ta imot blomster.
Har pasienten einerom er det mogleg å ha besøk utanom vanleg besøkstid, og kanskje ta med blomster. Snakk først med personalet om kva som er best.

God handhygiene er viktig på sjukehus. Vi ønskjer at både pasientar og besøkande skal ha god handhygiene. Det heng fleire spritdispensarar i avdelinga som alle kan bruke.

Kontakt

Telefon

Personalet er lettast tilgjengeleg mellom klokka 13-14 og 17-18

Slik finn du fram

Oppmøtestad

5. etasje i Sentralblokka på Haukeland.