Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lege og pasient. Foto

Lunge undersøkings­eining

Pasientane våre kan vere inneliggande ved Lungeavdelinga sine sengepostar, ved andre av sjukehuset sine avdelingar eller ha time i poliklinikken til Lungeavdelinga.

Ved Undersøkingseininga blir det utført ei rekke lungeundersøkingar og behandlingar:

  • Innvendig inspeksjon/ prøvetaking av luftrørsgreinene (bronkoskopi).
  • Ulike nåleprøver av brysthinne eller lunge gjennom brystveggen (percutan finnål eller biopsi).
  • Tapping av luft eller væske frå lungesekken (exsufflering/ pleuratapping).
  • Ultralydundersøking av lungene.
  • Innvendig inspeksjon/ prøvetaking av brysthinne og lunge (thorakoskopi).
  • Ulike lindrande behandlingar for pasientar med lungekreft (laserbehandling, stent og brakyterapi).  

Det er tilsett sjukepleiarar, bioingeniørar, assistent og kontorpersonell ved einingane. Alle overlegane i lungeavdelinga og nokre assistentlegar har pasientkonsultasjonar her.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lungepoliklinikk, etasje U i Sentralblokka (inngang vest) på Haukeland.