Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seksjon for hormonsjukdommar

Ved seksjonen utgreier og behandlar vi pasientar med hormonsjukdommar. Det kan for eksempel vere lågt eller høgt stoffskifte, diabetes, underernæring, overvekt eller elektrolyttforstyrringar.

Seksjon for hormonsjukdommar høyrer inn under Medisinsk klinikk. Vi har ansvar for opplæring av sjukepleiar- og legestudentar, i tillegg til utdanning av legar til hovudspesialiteten indremedisin og greinspesialiteten endokrinologi. Seksjonen har som målsetting å vere leiande innan forsking, utvikling og kvalitetssikring, og å bidra med endokrinologisk kunnskap på høgt nivå nasjonalt og internasjonalt.

Poliklinikk

Seksjonen driv poliklinikk for personar over 18 år med ulike hormonsjukdommar. Poliklinikken har og ein "Diabetespoliklinikk" , primært  for personar med diabetes type1. Poliklinikkar ved Medisinsk klinikk har ein felles ekspedisjon kor du skal henvende deg når du kjem til timeavtale. Medisinsk poliklinikk og dageining 

 

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk poliklinikk og dageining ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Følg skilta frå heis eller rulletrapp. 

 

      Ung med diabetes

      Informasjon til deg som er over 18 år og skal gå til kontroll av din diabetes ved Medisinsk poliklinikk og dageining
      Her finn du informasjon som er lurt å lese før du kjem til timeavtalen din.
      Måle blodsukker ved diabetes