Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevroklinikken

Nevroklinikken består av avdelingar for Nevrologi, Nevrokirurgi og Klinisk Nevrofysiologi, samt Seksjon for poliklinikk og dagbehandling, Logopedtjenesten og forskningssenteret Neuro-SysMed.

Klinikken tek imot nærmare 8000 pasientar for innlegging og om lag 18.000 pasientar for poliklinisk konsultasjon årleg. Ved Nevrokirurgisk avdeling blir det utført omkring 1200 inngrep kvart år, der over 370 av desse er Gammaknivsbehandlingar.

Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene ved Nevroklinikken, og vi har eit av dei største forskingsmiljøa ved Haukeland universitetssjukehus. Nevroklinikken publiserer jamnleg nye vitskapelege artiklar og har stadig fleire pågåande forskingsprosjekt. 

Forskinga ved Nevroklinikken er i hovudsak konsentrert om nevroimmunologi, paraneoplasi, slag, Parkinsons sjukdom, hjernesvulstar og hjernecyster.

Leiinga ved Nevroklinikken finn du i Gamle Hovedbygg der du òg finn Nevrologisk avdeling, avdeling for Klinisk Nevrofysiologi, seksjon for poliklinikk og dagbehandling og Neuro-SysMed.

Nevrokirurgisk avdeling held til i Sentralblokka i 7. etasje.

Logopedtenesta har kontor i Gamle Hovedbygg, men yter tenester til både Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

Nevrologisk avdeling og Nevrokirurgisk avdeling har felles poliklinikk i Gamle Hovedbygg. 

Leiinga ved Nevroklinikken 

Torhild Næss Vedeler, klinikkdirektør

Trine Drange, rådgivar i stab

 

Kontakt

Telefon

Nevrokirurgisk avdeling

55 97 56 40
Måndag-fredag kl.08.00-15.30

Nevrologisk avdeling

55 97 50 44 / 45
Måndag-fredag kl.08.00-15.30

Nevropoliklinikk

55 97 51 20
Måndag-fredag kl.08.00-15.30

Slik finn du fram

Oppmøtestad

 
For å komme til leiinga og dei fleste avdelingane i Nevroklinikken går du til Gamle Hovedbygg.
 
Skal du til Nevrokirurgisk avdeling møter du i Sentralblokka i 7.etasje, og skal du til Klinisk Nevrofysiologi barn og unge må du gå til Glasblokkene blokk 8 i 1.etasje. 

      Kurs og møter

      • Hjerneslag
        Kurset gir informasjon om diagnosen og behandling. Du får og moglegheit til å møte andre i same situasjon og utveksle erfaringar.
        Hjerneslag
        6.
        februar
        2025
        Fleire datoar
      • Svulst på balansenerven
        Kurset er for personar med følgeplagar av svulst på balansenerven og pårørande. Med auka kunnskap får du betre føresetnad for å leve med sjukdommen i kvardagen. Her møter du også andre i same situasjon.
        Svulst på balansenerven
        20.
        februar
        2025
        Fleire datoar
      • Parkinsons sjukdom: For deg som har fått diagnosen i løpet av dei to siste åra
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
        Parkinsons sjukdom: For deg som har fått diagnosen i løpet av dei to siste åra
        10.
        mars
        2025