Ortopedisk klinikk
Ortopedisk klinikk driv moderne utgreiing og behandling innan ortopedisk kirurgi. Klinikken er den einaste i Helse Vest RF som dekker alle ortopediske fagområde. Vi tilbyr tenester som femner alt frå lokalsjukehus til universitetssjukehusnivå. Innan områder som skadekirurgi, ryggkirurgi, sarkombehandling, barneortopedi og leddprotesebehandling er vi blant dei leiande i landet. Vi er og engasjert i forsking, utvikling og utdanning.
Kontakt
Sentralbord
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Klinikkleiinga held til i etasje U i Armauer Hansens hus, sør for Sentralblokka på Haukeland.Kurs og møter
- Aktiv med artroseKurset gir informasjon om diagnose og behandlingsstrategiar, eiga meistring og påverknad av tilstanden, tips om aktivitet, høveleg treningsstrategi og råd om vektkontroll.Aktiv med artrose4.februar2025Fleire datoar
Brot i handleddet er ein av dei vanlegaste brottypane. Dei fleste brota vert behandla med gips, men nokre gonger må det meir til. Bli med inn på operasjonssalen.