Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Terapibassenget

Terapibassenget held til i underetasjen på Gamle Hovudbygg. Bassenget har tilbod til inneliggande og polikliniske pasientar i form av trening  individuelt og i grupper, som ledd i spesialisert behandling. Tilbod om basseng som behandlingstiltak skjer i regi av Fysioterapiavdelinga og i samarbeid med aktuelle kliniske avdelingar.

Interiør stort rektangulært terapibasseng og lite rundt basseng. Foto

Telefon til Terapibassenget: 55 97 50 28

Terapibassenget (7,0 x 12,5 meter) og boblebad held ein temperatur på minimum 34 grader. ​
 
Terapibassenget gjev eit tilbod til inneliggande og polikliniske pasientar der bassengtrening er ein del av spesialisert behandling og oppfølging. Bergen kommune disponerer tida mellom 09:30 og 13:30 mandag til fredag, til pasientgrupper kommunen sjølv har prioritert. 
 
Pasientar kan delta i gruppetrening med fysioterapeut som instruktør, eller i meir individuelt tilpassa behandling i basseng/ eigentrening. Poliklinisk drift er nært knytta til kliniske avdelingar på sjukehuset, og er ikkje eit ope tilbod. Tilvising frå lege er naudsynt. Denne vert vurdert opp mot gjeldande kriterier for spesialisert helsehjelp.

Samarbeid

Tilsette i Terapibassenget samarbeider med fysioterapeutar, legar og pleiepersonell knytta til dei avdelingane som nyttar seg av bassenget.

Det er også eit tett samarbeid med Bergen kommune, særleg via aktivitetskoordinatorane som koordinerer bruk av bassenget på kommunen sine vegne. I tillegg har Terapibassenget eit tett samarbeid med Teknisk avdeling, med ekstern ekspertise på bassengdrift ved Aico AS.
 

Leigetakarar på ettermiddags- og kveldstid

Terapibassenget vert leigd ut til ulike pasientforeningar og organisasjonar. Dei må sjølve sørge for instruktør og badevakt.

For meir informasjon om leige av Terapibassenget og tilgjengelege tider for dette, kontakt seksjonsleiar Liv Marit Mørkve Holst, E-post: liv.marit.moerkve.holst@helse-bergen.no
 

Per i dag er desse leigetakarar:

  • ​​Bekhterevforeningen Bergen og omegn
  • Bergen Revmatikerforening
  • Fibromylagi forbundet
  • FKS- Foreningen for kroniske smertepasientar avd. Bergen og omegn
  • LKB Hordaland- Landsforeningen for kvinner med bekkenløsning

Andre basseng i Bergen og omegn​

For informasjon om svømmehallar og opningstider i Bergen kommune, sjå gjerne denne lenka: Bergen kommune - Åpningstider svømmehaller

Her er også ei oversikt over andre basseng i Bergensområdet:

​For meir utfyllande informasjon om fasilitetar og prisar, kontakt bassenga direkte.

Sist oppdatert 19.09.2024