Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er eit spesialsjukehus for planlagt ortopedisk kirurgi i Os, tre mil sør for Bergen. Vi tilbyr pasientane ei heilskapleg helseteneste med klinisk undersøking, behandling, pleie, mobilisering og vidare oppfølging. Sjukehuset er ein del av Ortopedisk klinikk, Helse Bergen, og utfører årleg 1800-2000 inngrep.

Sjukehuset har om lag 200 ansatte. Nokre av yrkesgruppene er ortopedisk kirurg, lege, sjukepleiar, spesialsjukepleiar (anestesi, operasjon, intensiv), fysioterapeut, bioingeniør, helsefagarbeidar og andre fagarbeidarar, radiograf, elektrikar, kokk, gartnar.
 
Foto fra operasjon
 
Sjukehuset behandlar dei fleste lidingar i musklar og skjele bortsett frå akutte skader.

Dei største pasientgruppene er:
  • lidingar i hofte‐, kne– og skulderledd som blir behandla med innsetting av protese og utskifting av protese
  • lidingar i rygg som prolaps og trong ryggmargskanal, i tillegg til andre rygglidingar som blir behandla med implantat
  • lidingar i skulder, kne, ankel, olboge, hofte, fot, hand, som enten blir behandla med ”kikhols‐kirurgi”, eller med open operasjon.

Utdanning

Me er ei forskings- og undervisningsavdeling under Universitetet i Bergen, med ansvar for utdanning av legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, helsefagarbeidarar og radiografar.  Sjukehuset har i særlig grad kompetanse innan ryggkirurgi og tyngre protesekirurgi.

Avdelingar

  • Operasjonsavdeling
  • Anestesiavdeling
  • Oppvakningsavdeling
  • Sengeavdeling
  • Fysioterapiavdeling
  • Mottaksseksjon
  • Radiologisk (røntgen) avdeling
  • Klinisk kjemisk laboratorium
  • Transfusjonseining
  • Kjøkken
  • Reinhald
  • Vaskeri
  • Teknisk avdeling

Leiing

  • Sjukehussjef/avdelingsoverlege, Kari Indrekvam

Historia

Generell informasjonsbrosjyre

Kontakt

Telefon

Vi gjer merksam på at all skriftleg kommunikasjon som inneheld helseopplysningar eller anna personsensitiv informasjon skal sendast som eDialog.

Postadresse

Hagaviksbakken 25 
5217 Hagavik

Skal du opererast på Kysthospitalet i Hagevik?

Her finn du ein oversikt over brosjyrar på ei rekke av behandlingane vi utfører på Kysthospitalet. Du finn informasjon om inngrepet og viktige ting å hugse på i tida før og etter operasjonen.

I tillegg til brosjyrar er det presentasjonar (filmar) for dei som skal opererast i ryggen eller få innsett hofte- eller kneprotese.

Før du kjem til klareringsdag før operasjonen, ber vi deg sjå den aktuelle presentasjonen og lese i brosjyren.

 

Informasjon om behandlingar
En dam med blomster og bygninger i bakgrunnen