Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykisk helsevern

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar.

Utsikt fra takterasse Kronstad DPS mot trafikk på Danmarksplass. Foto
 
Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester. 
 
Som hovudregel får våre pasientar behandling ved eit lokalt distriktspsykiatrisk senter (vaksne) eller ved ein lokal barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. I tillegg finst eit sjukehustilbod for dei som har behov for særleg spesialiserte behandlingstilbod.
 

Medikamentfritt behandlingstilbod

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Divisjonsleiinga i Psykisk helsevern held til i Glasblokkene, Blokk 1, 5. etasje. 

Medikamentfritt behandlingstilbod

Visste du at du har rett til å velje mellom ulike behandlingsmetodar? Ved alle distriktspsykiatriske senter i Bergensområdet tilbyr vi no medikamentfrie behandlingstilbod.
Les meir om medikamentfri behandling
Eksteriør Kronstad DPS

Rettar, val og moglegheiter

Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Her finn du ei oversikt over dine rettar og moglegheiter på sjukehuset.
Sjå oversikt over rettar og moglegheiter
Voss_sjukehus_fysioterapi_gangtrening_krykker_pasient_3.jpg

Erfaringspanel

Brukarane av våre tenester har levde erfaringar som helsevesen, brukarar og pårørande treng. Vi har oppretta eit eige erfaringspanel for psykisk helse og rus som skal ivareta at erfaringskompetansen til brukarar og pårørande blir høyrd.
Lei meir om erfaringspanelet for psykisk helse og rus
Gruppebilde fra møte i Erfaringspanelet. Foto

TOPS-teamet

TOPS (tidleg oppdaging av psykose) er eit lavterskeltibod for alle som er bekymra for at ein sjølv, vener eller familie er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding.
Les meir om TOPS-teamets tilbod
En gruppe kvinner som smiler

OCD-teamet

Obsessive Compulsive Disorder (OCD), også kjend som tvangsliding, er ei liding med tilbakevendande tvangstankar og / eller tvangshandlingar. Vi behandlar pasienter i frå 18 år og oppover.
Les meir om OCD-teamets tilbod
Et rom med stoler og et bord

Slit du med panikkliding eller sosial angst?

Haukeland universitetssjukehus tilbyr eBehandling. Dette er eit tilbod om terapeutstøtta behandling på internett til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.

Les meir om eBehandling
Gruppe mennesker med ryggen til. Foto

Aktuelle saker