Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Eksteriør barne- og ungdomssjukehuset. Foto

Akuttpost barn og unge

Akuttpost er ein akuttpost for barn og unge under 18 år med psykiske vanskar, innlagt frivillig eller under tvang.

PBU Akuttpost er ei akuttavdeling for barn og ungdom under 18 år. Me har 8 sengeplasser og er ein av tre sengepostar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Me har tett samarbeid med poliklinikkar og ambulante team i klinikken. Me samarbeider og med andre tenester som til dømes barneverntenesta, kommunehelseteneste og skule. 

 

Posten tek imot barn og unge under 18 år, som er i behov for akutt psykiatrisk hjelp i form av ei innlegging. Augeblikkeleg hjelp i psykisk helsevern er mellom anna:

  • psykotiske tilstander som fører til betydeleg fare for pasienten eller andre sitt liv eller helse
  • psykotiske og andre tilstander preget av svær angst eller depresjon der det er betydeleg fare for at pasienten kan prøve å ta sitt eiga liv eller skade seg sjølv eller andre
  • psykiske tilstander hos barn og ungdom som omsorgspersonene ikkje kan mestre, og der hjelp frå det psykiske helsevernet er påtrengande naudsynt.

Dei fleste vert tilvist frivillig, men me kan også ta imot pasientar på tvang dersom dei fyller kriteria for tvang i psykisk helsevernlova. For barn under 16 år er det føresette som samtykker til innlegging, medan det er pasienten sjølv som må samtykke når dei er 16 år eller eldre.

Augeblikkelig hjelp (AH) vil seie at pasienten treng behandling same dag. Ved AH har pasienten ikkje rett til fritt val av behandlingsstad. Tilvisar tek kontakt på telefon 55 97 57 50. Dersom det ikkje trengs hjelp same dag vil me tilrå at ein tek kontakt med lokal BUP.


Tilvisar kan vere behandlar i poliklinikk i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge eller ekstern lege eller psykolog. Dersom det er aktuelt med tilvising på tvang må pasienten tilvisast frå ein lege som er uavhengig av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge. Interne tilvisarar kan sende tilvising elektronisk, medan eksterne tilvisarar må sende tilvising på papir.


Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) har AH-ansvar for følgande kommunar: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Granvin, Gulen, Kvam, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Os, Radøy, Samnanger, Sund, Ulvik, Vaksdal, Voss, Øygarden.

På vår avdeling jobbar me tverrfagleg med mange yrkesgrupper, og du kan snakke med miljøterapeutar, legar og psykologar. Posten skal vere eit trygt og føreseieleg miljø for pasientane. Det er låste dører og det vert laga individuelle avtaler om utgang frå posten. Ein akuttinnlegging skal som regel vere kortvarig og mange er her ein natt eller nokre få dagar. Nokre pasientar er her lenger enn det. Dette er alltid ein individuell vurdering med tanke på kva pasienten treng. Pasientane vil få ein fast behandlar (lege eller psykolog) og to hovudkontaktar frå miljøpersonalet. Ved opphald som er lengre enn nokre dagar vil me ha jamlege møter der behandlingsplan evaluerast og endrast. Det vert alltid lagt opp til kontakt med føresette. Korleis og kor ofte varierer ut frå behov og lengde på opphald.


Behandlingsopplegget vert individuelt tilrettelagt ut frå pasienten sin psykiske liding/symptom, sjukdomsfase, ressursar og aktuelle utfordringar. Barnet/ungdommen kan påverke si eiga behandling ved å delta på teammøter og når det vert laga behandlingsplan. Me kan tilby samtaler med behandlar og miljøterapeutar, musikkterapi, fysioterapi og fysisk aktivitet i gymsal/ svømmehall, samt rolege aktiviteter i og/eller utanfor avdelinga. Pasientar som har rett på skuleplass vil ha rett på undervisning på Sjukehusskulen i den grad helsa deira gjer det mogleg. 

Pasientar som er innlagt på posten får eigne rom med dusj og toalett. Det er fellesstove med fjernsyn og eigne aktivitetsrom. Besøk er på pasientrom eller besøksrom etter avtale. Føresette kan vere med under innlegginga. Her er det ofte ulike behov og me vil lage individuelle avtaler med kvar pasient og føresett. Sjukehusskulen er i same bygg.


Dei viktigaste rutinane er:

  • Måltid: Frukost kl. 08.30-10.00, lunsj kl. 12.00, middag kl. 16.00, kvelds kl. 20.00.
  • Planleggingsmøte kl. 17.00 (fellesmøte der me planlegger kvelden).
  • Fellesareal stenger kl. 22.30 (23.30 i helg).
  • Det vert tilrådd at du ikkje brukar mobil / PC om natta.


For at alle skal kjenne seg trygge på avdelinga, er det ikkje lov:

  • å ha med skarpe gjenstandar på eiget rom/ inne i avdeling. Desse vil bli teke ut og oppbevart i eit låst skap.
  • å utsetje andre barn/ungdommar og personale for vold og truslar, filming/bildar/lydopptak.
  • å spille høy musikk eller å lage unødvendig støy/ uro.

Det vil ofte frå første møte bli snakka om oppfølging etter utskriving. Det er vanleg at pasientar har tilbod om poliklinisk oppfølging ved lokal BUP. Me tek alltid kontakt med lokal BUP og det vert laga samarbeidsmøte ved behov. Pasientar som treng innlegging av grunnar som ikkje er akutt, vil kunne få dette tilbodet ved andre sengeposter i PBU. Då er det lokal BUP som sender tilvising

Pasienten og/eller dine pårørande kan klage til kontrollkommisjonen på tvangsvedtak. Pasientar som er under 16 år kan også klage dersom dei ikkje er samd i innlegginga. Kontrollkommisjonen er uavhengig av posten. Du vil få kontaktinformasjon til kontrollkommisjon og hjelp til å formidle klage dersom det er aktuelt.

Kontakt

Telefon

Pårørande kan ta kontakt heile døgnet.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Akuttpost held til i Glasblokkene, Blokk 1, 2. etasje i Haukelandsbakken 15.