Ungdomspost
Ungdomspost er ein observasjons- og utgreiingspost for ungdommar mellom 13 og 18 år med psykiske vanskar. Behandling hos oss er frivillig.
Kontakt
Telefon
Pårørande kan ta kontakt heile døgnet.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Ungdomspost held til i Glasblokkene, Blokk 2, 2. etasje i Haukelandsbakken 15.
Trur du at barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp? Då bør du oppsøke lege for å få barnet undersøkt. Legen kan tilvise til ein av poliklinikkane våre.
Er du barn eller ungdom?
Vi har laga ein nettside spesielt for deg. Her finn du informasjon om kva BUP er, og om korleis vi jobbar. Vi fortel meir om kven du kan snakke med og kva som skjer hos oss.