Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Flyfoto av Bergen sentrum

Rusmedisin Ambulant seksjon

Ambulant seksjon i Avdeling for rusmedisin tilbyr rusbehandling på andre arenaer enn i sjukehusets lokale. Ambulerande behandling og -utgreiing kan foregå i pasientens heim, på skulen, ute på tur eller på andre arenaer som pasienten og medarbeidar er komfortable med.

Behandlinga som blir gitt i Ambulant seksjon skal vere i tråd med nasjonal fagleg retningslinje for behandling og rehabilitering av rusmiddelproblem og avhengigheit.

 Behandlarane i seksjonen har ikkje akuttfunksjon, men jobbar måndag til fredag kl. 08-15.30, og gjennomfører behandlinga i avtalte møte med pasientane. I tillegg kan pasienten få tilbod om telefonkontakt utanom avtalte møte.

Målgruppa for ambulerande rusbehandling er personar som på grunn av somatiske, psykologiske eller sosiale årsaker ikkje er i stand til å nytte seg av, eller har klart å kome i kontakt med, ordinære polikliniske rusbehandlingstilbod i Helse Bergen. Vidare jobbar vi med pasientar som slit med å kome i kontakt med TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling), som til dømes unge eller somatiske pasientar i sjukehuset. 

Val av behandlingstiltak i Ambulant seksjon skal vere individuelt tilpassa, forankra i tverrfagleg team og beskrive i den individuelle pasientens behandlingsplan. Ulike pasientforløp krev ulike og samtidige behandlingstiltak som blir ytt av ulike fagpersonar i behandlarteamet.

Avtalt møteplass må vere vurdert som trygg for medarbeidarane og pasientens personvern må vere ivaretatt. Dette kan også kombinerast med polikliniske møte og telefonisk oppfølging. I tillegg er koordinerande oppfølging og tett samarbeid med andre aktørar i hjelpeapparatet som pasienten er i kontakt med, viktig i mange pasientforløp.

Brukarmedverknad er viktig i rusbehandling. Pasienten skal få god informasjon om diagnosen/problemstillinga si og kva slags behandlingstilbod som finst, og som blir anbefalt for han/hennar problemstilling. Pasienten skal få moglegheit til å medverke i planlegginga og gjennomføringa av behandlinga si. 

Vi er eit tverrfagleg team med tilsette som har psykologfagleg, medisinfagleg, sosialfagleg og erfaringsbasert kompetanse:

  • Eit behandlarteam som jobbar med pasientar som blir tilvist frå Akuttposten, døgnbehandling eller poliklinikk for ambulerande rusbehandling
  • Eit team som jobbar for å kome i kontakt med pasientar tidleg i forløpet, til dømes via somatiske avdelingar på Haukeland sjukehus eller via lokale samarbeidspartnarar.

Alle seksjonar i Avdeling for rusmedisin og avdelingar i Helse Bergen kan tilvise ein pasient til Ambulant seksjon. Dette blir gjort via sekundærtilvising, og rutine for dette ligg i Helse Bergen si Elektroniske Kvalitetshandbok (EK). Somatiske avdelingar i Helse Bergen kan be om rustilsyn frå Ambulant seksjon; det ligg ein eigen rutine for dette i EK.

 

Eirik Gausvik Musland

Seksjonsleiar

eirik.gausvik.musland@helse-bergen.no

I slutten av november flyttar me til nye lokale

I slutten av november flyttar me til nye lokale i Engenhuset i Bergen sentrum. 

Adressa er Håkonsgaten 1.

 

Flytting til nye lokale
Utsiktsbilde over Bergen sentrum med Vågen og med Askøy og Sotra i horisonten. Foto

Stressar du ned med rus?

Ta kontakt med oss i URO-teamet før utfordringane blir for store for deg.
URO- ung rus oppdagelse
En kvinne som holder seg til hodet og teksten URO

Kontakt