Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
personer løper foran bygning. foto

Rusmedisin Askøy

Seksjon Askøy ligg landleg til på Ask, på Askøy. Her blir frivillig døgnbehandling tilboden til menn over 18 år med eit langvarig og omfattande rusproblem. Seksjonen tek imot pasientar frå Helse Vest.

Seksjon Askøy er ein behandlingsstad med 28 plassar fordelt på fire postar.

Seksjonen er tverrfagleg samansett av sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, hjelpepleiarar helsefagarbeidarar, treningsterapeutar, musikkterapeut, erfaringskonsulentar, legar og psykologar.

Behandlinga består av miljøterapi, trenings- og friluftsterapi, yoga og musikkterapi i tillegg til mentaliseringsbasert terapi (MBT), helse pedagogikk, utgreiing, individualterapi og refleksjons- og temagrupper.

Kontakt

Telefon

Sentralbordet Haukeland universitetssjukehus

55 97 50 00

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen

    Tilvising til Rusmedisin Askøy

    Fleire instansar kan tilvise deg til behandling hos seksjon Askøy. Slik kjem du til oss.
    Tilvising til Rusmedisin Askøy
    fellesområde sofa folk. foto