Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Mann smiler

Rusmedisin korttidspost Martens

Martens har ein korttidspost for menn og kvinner med 10 sengeplassar, som ligg tilbaketrekt i rolege omgjevnader i Sandviken. Vi tilbyr avrusning og tidleg stabilisering, og posten tar i utgangspunktet kun imot ØH-pasientar.

Rusmedisin korttidspost Martens tilbyr eit breitt spekter av tenester for menn og kvinner som treng avrusning og stabilisering. Tilbodet inkluderer abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, stabilisering, miljøterapi, treningsterapi, musikkterapi, og psykologfagleg tilnærming. Vi legg stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmestring for å sikre ei heilskapleg behandling.

Tvangspost

I underetasjen til Rusmedisin korttidspost Martens tvangsposten til Rusmedisin AFR der pasientane blir innlagde utan eige samtykke etter §§ 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstenestelova (HOL), der andre frivillige hjelpetiltak ikkje er formålstenleg eller tilstrekkeleg.

Behandling

Behandlinga tek utgangspunkt i pasientens eigne opplevingar og problembeskrivingar. Vi fokuserer på kartlegging av omfang og symptom, bevisstgjering av problema, og å oppretthalde motivasjon for endring. Behandlingsprosessen krev betydeleg eigeninnsats frå pasienten og kan sjåast som hjelp til sjølvhjelp.

Meistring

Vi legg til rette for utforsking av nye meistringsopplevingar, slik at pasientane kan finne tilbake til eit godt daglegliv. Eit viktig fokus er også å leggje til rette for vidare meistring etter innlegginga, inkludert samarbeid med hjelpetiltak og utarbeiding av individuell plan.

Metode

Arbeidsmetodane våre inkluderer motiverande samtale, mentaliseringsbasert terapi, kognitiv atferdsterapi, individuell jobbstøtte, sosialfagleg arbeid, treningsterapi, musikkterapi og kunnskap om avhengigheit og endringsprosessar.

Fasilitetar
 
Pasientromma er store og fine, dei fleste med eigne bad og nydeleg utsikt over byfjorden. Å ha eit sunt og variert kosthald er viktig, også i behandlingskvardagen. Våre kokkar og servicemedarbeidarar bidrar kvar dag til at pasientane våre kan glede seg til både frukost, lunsj og middag.
 
Aktivitetar
 
Vi tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, enten på eige treningsrom, eller i nærområdet med vår eigen fysioterapeut. Det er også musikkterapeut på avdelinga ein dag kvar veke.
 
Ansatte
 
På Rusmedisin korttidspost Dr. Martens blir pasientane møtt av ei flott, tverrfagleg personalgruppe. Hos oss møter du erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar, psykolog med meir. Alle er til stades for å bidra til eit heilskapleg tilbod til pasientane våre.

 

 

Korttidspost Martens tilbyr avrusning og stabilisering for menn og kvinner i rolege omgjevnader i Sandviken. Med 10 sengeplassar og eit erfarent team, legg vi til rette for ein trygg og støttande behandlingsprosess.

Rusmedisin AFR  handterar saker vedrørande førebuing, innlegging i institusjon etter §§ 10-2 og 10-3 i Helse- og omsorgstenestelova (HOL). Vi koordinerar også vidare frivillig behandling eller bidreg til ein evaluering av opphaldet i lag med pasienten og kommunen.

 

 

 

Kontakt

Sentralbord Avdeling for rusmedisin