Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusmedisin, Tvangsposten

Tvangsposten skal vere ein sengepost med minst mogleg preg av tvang. Vi ønskjer å bygge gode relasjonar ved å møte pasientane med respekt og tiltru. Vi legg opp til individuell behandling som passar kvar enkelt.

Avdeling for rusmedisin handterar saker vedrørande førebuing, innlegging i institusjon etter § 10-2 og 10-3 i Helse- og omsorgstenestelova (HOL). AFR koordinerar også vidare frivillig behandling eller bidreg til en evaluering av opphaldet i lag med pasienten og kommunen.

På Rusmedisin, Tvangsposten vert pasientar innlagd utan eige samtykke (tvang) etter § 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstjenesteloven (HOL), kor andre frivillege hjelpetiltak ikkje er formålstenlege eller tilstrekkelege.

Pasientane på Tvangsposten har ofte andre psykiske eller somatiske diagnosar i tillegg til rusmisbruk. I løpet av opphaldet på posten kan vi greie ut og undersøke tilleggsdiagnosar og dobbeltdiagnosar.

Dei fleste pasientane våre har narkotiske stoff som hovudrusmiddel, men vi tar også imot alkoholikarar.

Vi legg til rette for legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Kontakt

Telefon

Seksjonsleiar Kato Oksnes

55 95 73 10

Teamleiar

55 95 88 88

A-vakt sengepost

55 95 88 81

Telefaks

55 95 73 19

    Introduksjonsfilm for Avdeling for rusmedisin, Seksjon Tertnes og Tvangsposten, med sjukepleiar og miljøterapeut som fortel om korleise det er å jobbe her. Dei fortel om seksjonens sine tilbod og viser fram bygg og rom; alt frå medisinske tilbod om behandling og oppfølging, samt praktisk informasjon som mattilbod og rom.