Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
KVinne snakker med mann

Rusmedisin Skuteviken

Seksjon Skuteviken tilbyr kjønnsdelt avrusing. Seksjonen har eit tverrfagleg samansett personale som består av blant anna psykologar, lege/psykiater, sosionomar, sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeutar, erfaringskonsulentar og helse- og treningsterapeut. Vi samarbeider om å legge forholda til rette for at du skal få den behandlinga du har behov for.

Målsettinga for behandling av problematisk rusmiddelbruk kan variere. Dei fleste ønskjer å avbryte uheldige rusmønster og ønskjer hjelp til å setje i gang gode endrings- og utviklingsprosessar. Kanskje ønsker du å gjere endringar i livet ditt, men ser ikkje heilt korleis du kan få det til. Sentralt i dette arbeidet er blant anna auka bevisstheit på rusproblemet sin uheldige innverknad på ein sjølv, omgjevnadane, den enkelte sin eventuell arbeidsplass og familiens situasjon. Behandlinga tar utgangspunkt i di eiga oppleving og problembeskriving. Behandlingsfokus er ofte kartlegging av omfang og symptom, i tillegg til bevisstgjering av problema og å oppretthalde motivasjon for endring. Behandlingsprosessen krev vesentleg eigeninnsats frå deg og ein kan gjerne seie at behandlinga er hjelp til sjølvhjelp.

Gjennom behandlingstilboda våre ønskjer vi å legge til rette for utforsking av nye meistringsopplevingar, og at du kan finne tilbake til eit godt daglegliv. Eit viktig fokus i behandlinga er også å tilrettelegge for vidare meistring etter innlegginga. Dette kan innebere samarbeid med hjelpetiltak, utarbeiding av Individuell plan og/eller tilvising til vidare behandling.


Våre arbeidsmetodar byggjer på faglege tilnærmingar som motiverande samtale, mentaliseringsbasert terapi, kognitiv åtferdsterapi, sosialfagleg arbeid, treningsterapi, musikkterapi og kunnskap om avhengigheit og endringsprosessar.

Ved utskriving lagar vi ein oppsummerande rapport om opphaldet, som blir sendt til den instansen som har tilvist deg til behandling, og som regel også til fastlegen din. Du får tilbod om å lese igjennom epikrisen/utgreiingsrapporten saman med behandlaren din, og du vel sjølv kva samarbeidsinstansar denne skal sendast til.

To damer trener på ergometersykkel

Det tar tid å endre rusbruk og livsmønster, og vi anbefaler derfor at pasientane har oppfølging i etterkant av innlegginga ved seksjon Skuteviken. Ofte er problema samansette, og rusproblemet kan henge saman med psykiske lidingar, traume og ein vanskeleg livssituasjon. Då er det nyttig å gjere eit sorteringsarbeid saman med behandlar, kor det blir drøfta  kva område ein bør jobbe med under innlegginga og kva område som kan jobbast med etter innlegginga. Saman med behandlingsansvarleg kan de vurdere vidare behandlingsbehov.

Avrusing ved seksjon Skuteviken er delt opp i to postar. Kvinneposten har plass til 13 pasientar og mannsposten har plass til 15 pasientar.


I tillegg til å drive medisinsk avrusing med observasjonar, nedtrapping og abstinensbehandling er vi opptatte av det psykososiale miljøet på avdelinga, og jobbar for at du skal få eit best mogleg opphald. Når ein kjem inn i ein avruningspost er ein ofte i aktiv rus eller i behov av ei avklaring, og vi forsøker å legge til rette for at du kan bli klar til ev. vidare behandling. Vi har god forståing for korleis kropp og hjerne reagerer på å «gå av» ulike rusmiddel og vi prøver å vere trygge fagpersonar i denne fasen. Her har vi fokus på å gi omsorg, nærleik og støtte for å stå i det som mange kan oppleve som ein utfordrande fase.


Personalet som møter deg er opptatt av å skape trygge avdelingar med en god atmosfære. Dette gjer vi ved å vere til stades i fellesmiljøa som tilgjengeleg samtalepartnar for dei som treng det. Fellesnemnaren i alt vi gjer på avrusing er relasjonsbygging. Det å få ein relasjon til den enkelte pasient, er slik vi ser det, nøkkelen til all god behandling. Når den mest akutte avrusingsfasen er over, vil vi saman med deg forsøke å finne vegen vidare i behandling, dersom det er det du ønsker.


I avrusingsavdelingane får du tilbod om tematime kvar veke, der tema blant anna er rusens funksjon, angst, personlegheitsproblematikk, meistringsstrategiar m.fl. Dei tilsette har også jamleg HLR- undervisning og det blir tilbydd opplæring i nyxoidnasespray og samtalar om overdoseførebygging. Det blir også tilbydd trening, turar og avspenning med treningsterapeut og musikkterapi både i gruppe og individuelt saman med musikkterapeut.

Maleutstyr


Kontakt oss gjerne ved spørsmål, tlf. 55 90 86 00

  • Vi flyttar inn i nye flotte lokale!

    Frå og med 2. desember flyttar seksjonen vår inn i heilt nyrenovert, lyse og trivelege lokale i Engenhuset. Her vil me samlokaliserast med HAB, forsking, poliklinikken, ambulant seksjon og KORUS. Ved innflytting vil vi heita Korttidspost Mann og Korttidspost Kvinne.

Avdeling for rusmedisin (AFR) flyttar fleire av seksjonane sine til nye lokale i Engenhuset i sentrum, Håkonsgaten 1. Dei nye lokala vil huse både avdelinga si forskingseining, kompetansesenteret KoRus Bergen og fleire behandlingseiningar. Alle einingane flyttar inn i løpet av november og desember.
Engenhuset
En høy bygning med kran