We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Søknad om eBehandling

Direkte kontakt utan tilvising​
Du som bur i Bergensområdet kan ta direkte kontakt med eBehandling, utan tilvising. Dette gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no og fylle ut ein søknad til oss. Solli DPS har eget eBehandlingstilbud. Bur du i kommunene Bjørnafjorden, Samnanger, Austevoll eller Fana bydel i Bergen, må du be din fastlege om henvisning til Solli DPS.

​Tilbodet om å ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising finst også ved Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Nidaros DPS. Følg lenkane under for å få meir informasjon om rutinane for dette ved din lokale klinikk. 

Dersom du allereie er i behandling i ein poliklinikk ved ditt lokale DPS ynskjer vi at du drøftar tilvising til eBehandling med din behandlar der og søker i samarbeid med han eller ho. 

Dersom du ikkje er i pågåande behandling for psykiske vanskar kan du også ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til eBehandling.​

Før du søker om eBehandling anbefalar vi deg å lese første kapittel i behandlingsprogramma. Desse er tilgjengeleg for alle, og du finn dei via linken Behandlingsprogramma.

Behandlingsprogramma våre for panikklidling, sosial angst og depresjon har 8 kapittel.

Last updated 10/15/2024