We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Kvinnelig helsepersonell gjør klar pasient som ligger på benk med teppe på seg for PET-undersøkelse. Foto

VeRaVest

I prosjektet «Verdibasert radiologi i Helse Vest» ønsker vi å auke verdien av dei radiologiske tenestane for diagnostikk av muskel- og skjelettlidingar i Helse Vest. Ved hjelp av elektroniske tilvisingsråd, kurs og tilbakemelding på eigen tilvisningspraksis er målet å auke kvaliteten i tilvising slik at dei radiologiske tenestane brukast best mogleg til nytte for pasientane.

Kontakt oss på mail

​Målsetting for VeRaVest

Forbetre tilvisingar frå allmennlegar til radiologiske avdelingar og røntgeninstitutt ved hjelp av:

  • Tilvisingsråd
  • Kompetansegivande kursundervising
  • Tilbakemelding på eigen praksis

Prosjektet tar utgangspunkt i omgrepet verdibasert helseteneste som peikar på at samfunnet har avgrensa ressursar til bruk i helsetenesta og at det er behov for målretta tiltak for å sikre at medisinske undersøkingar blir brukt på ein riktig måte. Det er vesentleg å unngå overdiagnostikk, overbehandling og uønskt variasjon (Value based healthcare | The BMJ). Dette gjeld også innanfor radiologi: Radiologer ut mot sløsing med radiologiressurser - Dagens Medisin.

Det har dei siste 10 år vore ei stor auke i forbruk av radiologiske undersøkingar, spesielt kompliserte undersøkingar som Computertomografi (CT) og Magnetisk resonans¬avbilding (MR). Dette har bidratt til ei betra behandling for mange pasientar, ikkje minst innan kreftomsorga. Både fagmiljøa og sentrale myndigheiter har imidlertid i aukande grad tatt til orde for at auken også medfører feilbruk og overforbruk. Riksrevisjonen utførte i 2017 ein landsomfattande revisjon av allmennlegar si tilvisingspraksis der ein fann store geografiske forskjellar i tilivising til MR og CT, som ikkje kunne forklarast utfrå ulikheiter i sjukdomspanorama. Undersøking av bruken av poliklinisk bildediagnostikk (riksrevisjonen.no).

I ein rapport frå OECD blir det anslått at 20 prosent av helsetenestane i mange høginntektsland ikkje tilfører nytte for pasientane eller samfunnet Tackling Wasteful Spending on Health. I Noreg er dei ulike formene for medisinsk overaktivitet tatt opp i Legeforeningens kampanje Gjør kloke valg med brei deltaking frå mange spesialitetar inkludert Norsk radiologforening (NoRaFor). NoRaFor har utforma anbefalingar om å unngå bruk av billedundersøkingar i situasjonar der dei er unødvendige og kan føre til overdiagnostikk og overbehandling.

I Helsedirektoratets strategi for rasjonall bruk av bildediagnostikk som blei lansert i 2019 vektleggast følgande tiltak (punkta med feite typar inngår i det foreslåtte prosjektet):

  1. Tilrettelagt kommunikasjon mellom tilviser og bildediagnostisk eining
  2. Felles bildelagre og arkivsystem
  3. Interaktiv tilvising med beslutningsstøtte
  4. Kvalitetssikre anbefalingar angåande bildediagnostikk ved utarbeiding av nasjonale faglige retningsliner 
  5. Kliniske revisjonar lokalt og regionalt

Styret i Helse Vest vedtok i 2020 ein tiltaksplan for risikostyring i Helse Vest der det blant anna står: «Uønskt variasjon – radiologi og ortopedi. Det kjem stadig fram diskusjonar om overbehandling. Helseatlas og nå radiologiløysinga Sectra gir moglegheit for at leiarar og fagfolk kan gå systematisk gjennom data som kan avklare uønskt variasjon. Det blir derfor tilrådd at ein innanfor område uønskt variasjon i første omgang ser på desse to fagområda (radiologi og ortopedi) for å fram kunnskap om prosess og metode. Dersom arbeidet avdekker uønskt variasjon vil både HMS og pasientsikkerheitsperspektiv også vere dekka av dette område.»
Sak 13520 Topp 5 risiko for felles risikostyring i Helse Vest (PDF)

"Gjør kloke valg" er ein kampanje som tar sikte på å redusere undersøkingar og behandling som pasientar ikkje har nytte av og som i verste fall kan skade.

Sjå nettsida til kampanjen «Gjør kloke valg» - legeforeningen.no

Gjør kloke valg for radiologi - legeforeningen (PDF)

Dei fleste legekontora i Helse Vest kan tilvise elektronisk til radiologiske undersøkingar via programmet DIPS Interactor. I DIPS Interactor er det tilvisingsråd for fleire radiologiske undersøkingar. 

Rettleiing radiologiske tilvisingar:

Hurtigveiledning DIPS Interactor

CGM All​menn (PDF)

Infodoc P​lenario (PDF)​​​​

System X

Seksjon for samhandling - nyttig informasjon

Dei ulike arbeidspakkane i prosjektet

Last updated 8/22/2024