Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Hormon­laboratoriet

Hormonlaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus er det eldste spesiallaboratoriet for hormonanalysar i Noreg. Læra om hormonsystemet kallast også endokrinologi. Endokrinologiske utgreiingar omfattar i stor grad måling av hormonkonsentrasjonar i serum / plasma, urin og spytt. Hormonlaboratoriet er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF).

Det eldste spesialaboratoriet for hormonanalysar i landet
Hormonlaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus vart opna allereie i 1953. Sidan da har mykje endra seg innan analysemetodikk og analyserepertoar. Laboratoriefasilitetane har og endra seg, i takt med metodeutviklinga. I 2009 flytta vi inn i nye og moderne lokale i 8. etasje i Laboratoriebygget.

Hormonlaboratoriet blei akkreditert 14. desember 2018 etter NS-EN ISO 15189: Medisinske laboratorier. Krav til kvalitet og kompetanse av Norsk Akkreditering med registreringsnummer TEST 309. Den 21. oktober 2019 blei Hormonlaboratoriet og Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi slått saman til ein avdeling, og akkrediteringen blei flytta inn under registreringsnummeret TEST 231. Les meir om akkrediteringa. 

Vi kan i dag analysera rundt 50 ulike hormonar. Det benyttes Immunologiske metoder og (High Pressure) Liquid Chromatography Mass Spectroscopy (LCMSMS) for analyse av hormoner. LCMSMS er ein avansert, sensitiv og spesifikk analysemetodikk som for ein stor del tek bort kryssreaktivitet frå andre liknande stoff. Dette gir ein stor kvalitetsgevinst når ein skal analysere pasientprøvar, og metodikken blir kalla ein gullstandard for ei rekkje klinisk viktige analyttar. Alle LCMSMS-metodane våre er utvikla ved laboratoriet.

I tillegg til å betene klinikarane i diagnostikk og oppfølging av pasientar er verksemda retta mot å auke kunnskapen om fagfeltet. Forsking skjer i nær samhandling med Universitetet i Bergen. Utviklingsarbeidet er retta mot metodeutvikling, særleg innan massespektrometriske analysemetodar (LCMSMS). Vi deltek og i undervising av studentar og helsepersonell.

Staben vår er sett saman av folk med ulik fagleg bakgrunn. Her arbeider bioingeniørar, ingeniørar, realistar og legar.

Forsking og utvikling er ein viktig del av aktiviteten ved Hormonlaboratoriet

Les meir om forsking og utvikling

Nokre av hormonanalysane krev særlege førehandsreglar under prøvetaking, handsaming og transport. Fleire av analysane krev at prøven vert teke under standariserte vilkår.

I Analyseoversikta og på rekvisisjonskjemaet finn ein korte merknadar om forhold av særleg betyding for dei enkelte analysane.

For at laboratoriet skal vere i stand til å gi eit mest mulig meiningsfylt svar, er det særs viktig at rekvirenten gir relevante kliniske opplysningar.

Hormonlaboratoriet er ein arbeidstad med høg trivsel blant medarbeidarane. Hormonlaboratoriet er en del av Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi. Det vert arbeida målretta med å halda dette ved like. Kvardagane er prega av høgt tempo, og det er naudsynt med godt samarbeid og lagånd.
Staben vår inneheld folk med ulik fagleg bakgrunn og utdanning. Vi har bioingeniørar, ingeniørar, realistar og legar. Ved laboratoriet legg vi tilrette for at dei ansatte får gode høver for både personleg og fagleg utvikling.


Dei fleste bioingeniørane og ingeniørane er involvert i analysearbeid og systematisk kvalitetsarbeid. Legane står mellom anna for den medisinske valideringa av prøvesvar.

Fleire av dei ansatte, særleg legane og realistane, har forskerkompetanse og deltek aktivt i meodeutvikling og forskningsprosjekt knytta til satsingsområda våre innen Forsking og utvikling.

Alle som søkjer jobb i Helse Bergen og Hormonlaboratoriet må registrere CV'en og søknaden sin via nettsidene til Helse Bergen.

 

Kontakt

Svar på rutineprøver:

  • Måndag 07:30 - 15:00
  • Tysdag 07:30 - 15:00
  • Onsdag 07:30 - 15:00
  • Torsdag 07:30 - 15:00
  • Fredag 07:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
MBF ekspedisjon - analyseresultat: 55 97 31 00 (kl. 07.30-22.00), 55 97 31 10 (natt, helg)

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Laboratoriebygget, 8. etasje. Heisen i vestfløyen.

    Analyseoversikten

    Sjå vår elektroniske analyseoversikt for informasjon om alle våre analysar, Lab-info og for bestilling av prøvetakingsutstyr.
    Analyseoversikten
    Forsiden til analyseoversikten. Skjermdump