Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Poliklinikk for prøvetaking i Region Nordhordland helsehus
Poliklinikken i Region Nordhordland helsehus, Knarvik, er først og fremst for pasientar som er under behandling ved Haukeland sjukehus. I tillegg kan pasientar bli tilvist frå fastlege/spesialist som er totalkundar ved sjukehuset. Legen må ha oppretta ein rekvisisjon, enten elektronisk eller på papir. Du betalar ingen eigendel.
Poliklinikk for blodprøvetaking held til i Region Nordhordland helsehus, 2. etasje.
Vi gjer merksam på at Laboratorium for blodprøvetaking har eigne opningstider.
Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.