Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Leger samlet til pre-visitt

Medisinsk klinikk

Medisinsk klinikk tar imot pasientar for utgreiing og behandling av indremedisinske sjukdommar. Det kan for eksempel vere blodsjukdommar, hormonsjukdommar og diabetes, fordøyingssjukdommar, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar. Klinikken har ulike opplæringstilbod for pasient og pårørande. Her er fleire einingar tilpassa dialyse,  gastroenterologiske spesialundersøkingar, poliklinisk verksemd og dagbehandlig.

Medisinsk klinikk har fem fagseskjonar:
 
 
Klinikken har  også 
 

Vi driv og med forsking, utdanning av helsepersonell. Dette krev eit sterkt fagmiljø  i kontinuerleg utvikling og samarbeid på tvers. Medisin- og sjukepleiarstudentar får undervisning, og legar får spesialistutdanning innan indremedisin med tilhøyrande greinspesialitetar. Vi har også kliniske spesialutdanningar for sjukepleiarar innan gastro, infeksjon, diabetes, kreft og nyre.

Klinikken har fleirregionalt behandlingsansvar for allogene stamcelletransplantasjonar og har ansvar for nasjonale kompetansesentre for tropiske infeksjonssjukdommar, gastroenterologisk ultrasonografi, og funksjonelle mage- og tarmlidningar. Klinikken har og nasjonale kvalitetsregister for nyrebiopsiar og organspesifikke autoimmune sjukdommar. 

Klinikken har eigne einingar for dialyse og gastroenterologiske spesialundersøkingar. Sistnemnde blir delvis driven i samarbeid med Kirurgisk klinikk og Barneklinikken. Medisinsk avdeling samarbeider på fleire felt særleg tett med Hjarte- og Lungeavdelinga, blant anna gjennom vaktsamarbeid og ansvar for felles turnuslegar. Klinikken har lokalsjukehusfunksjon og er også referanseavdeling for spesialfunksjonar innan lokalt og regionalt helseføretak.


Metodebok i akutt indremedisin, Lommeutgave, 8. utgave, 2020.

Boken er et viktig og nyttig verktøy for alle leger som går i vakt ved de indremedisinske avdelingene. Boken brukes mye, også av leger utenfor Haukeland universitetssjukehus.

Kjøp Metodebok i Akutt Indremedisin
Metodeboken er tilgjengeliggjort på internett. Du finner den under Fellesdokumenter HBHF Pasientbehandling: https://ek.helse-bergen.no/portal.aspx?rpmain=2&rppage=5#

Kontakt

Telefon

Open 08.00 - 15.00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk poliklinikk og dageining
I Sentralblokka 2. etasje. Følg skilting frå heisen, eller ta rulletrappa opp i 2.etasje og inn døra til høgre. 

Medisinsk undersøking -fordøyingssjukdommar
I Sentralblokka nord i 1. etasje.

 

      Kurs og møter

      • CGM skole
        Kurset gir deg informasjon om CGM og Medtronic 780G pumpe. Kurset går over ein dag.
        CGM skole
        17.
        januar
        2025
        Fleire datoar
      • Diabetes type 1
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
        Diabetes type 1
        3.
        februar
        2025
        Fleire datoar
      • Ulcerøs kolitt
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
        Ulcerøs kolitt
        20.
        mars
        2025
        Fleire datoar

      Til unge vaksne med diabetes

      Informasjon til deg som er over 18 år med diabetes, og skal ha oppfølging ved Medisinsk poliklinikk og dageining
      Informasjon som er lurt å lese før du skal til kontroll av din diabetes
      Måling av blodsukker ved diabetes