Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
To sykehusansatte i hvit uniform i resepsjon

Medisinsk poliklinikk og dageining

Medisinsk poliklinikk og dageining er ein felles poliklinikk for fleire pasientgrupper tilhøyrande ein av våre fagseksjonar. Vi undersøkar, utgreiar og behandlar pasientar med blant anna nyresjukdom, hormonsjukdommar, diabetes, mage-tarmsjukdommar og blodsjukdommar.

Denne poliklinikken tilhøyrer Medisinsk avdeling og har ein felles ekspedisjon for fleire fagseksjonar:
 

Tilvising frå lege

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev heim til deg om tid, stad og kva undersøkingar du eventuelt skal gjennomgå.

Utgreiing og kontroll

Etter at diagnose er stilt vurderer lege om du vil ha nytte av ytterlegare medisinsk behandling. Nokre pasientar kjem til kontroll etter å ha vore innlagde på sjukehuset og ein del pasientar med kroniske sjukdommar blir jamleg undersøkte av spesialist i poliklinikken.

Dagbehandling

Dagbehandlingseininga er eit tilbod til pasientar som treng å vere i avdelinga i minst fem timar, men som ikkje treng innlegging i sengepost. Dagpasientane har eige opphaldsrom og får mat på avdelinga. 

 

Kontakt

Telefon

Open måndag - fredag kl. 08.00-15.00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk poliklinikk og dageining har ekspedisjon i 2. etasje i Sentralblokka, og er skilta i heis og rulletrapp i Sentralblokka.  Ekspedisjonen er open for pasientar måndag - fredag, kl. 07.30 - 16.00. Meld deg i ekspedisjonen når du kjem.

      Kurs og møter

      • CGM skole
        Kurset gir deg informasjon om CGM og Medtronic 780G pumpe. Kurset går over ein dag.
        CGM skole
        17.
        januar
        2025
        Fleire datoar
      • Diabetes type 1
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
        Diabetes type 1
        3.
        februar
        2025
        Fleire datoar
      • Diabetes type 2
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
        Diabetes type 2
        24.
        januar
        2025
        Fleire datoar

      Til unge vaksne med diabetes

      Informasjon til deg som er blitt 18 år og skal gå til kontroll ved Medisinsk poliklinikk og dageining
      Slik er opplegget på poliklinikken for unge over 18 år med diabetes
      Diabetes kontroll