Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Seksjon for nyresjukdommar

Seksjonen har ein døgnpost: Medisinsk post 1 Nord, og dageining : Medisinsk post 2 - Dialysen. Seksjonen har ein omfattande poliklinikk og tilknytta dageining. Poliklinikken har særleg ansvar for utgreiing og oppfølgjing av pasientar med kronisk nyresjukdom, herunder nyretransplanterte og nyredonorar.

Andre viktige grupper er pasientar med hypertensjon og Fabry sjukdom. Viktige prosedyrar som vert utført er nyrebiopsiar, ultralydundersøkingar og nyrefunksjonsmålingar. Sjukepleiar med spesialkompetanse er knytta til poliklinikken.

Seksjonen driv pasientopplæring ved Nyreskulen, eit tilbod til kroniske nyresviktpasientar og deira pårørande.

Seksjonen driv aktiv forsking i samarbeid med Nyreforskingsgruppa ved Universitetet i Bergen, forskinga er i hovudsak konsentrert om mekanismer for nyreskade og klinisk forløp av ulike sjukdomar basert på data fra Det Norske Nyerbiopsiregister, sjå oversikt over publikasjonar i 2012.

Det Norske Nyrebiopsiregister er underlagt seksjonens ansvar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sentralblokka

Logg inn for å endre time