Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
pet. ansatt. foto

Radiologisk avdeling

Majoriteten av pasientar som vert innlagde på Haukeland universitetssjukehus er innom Radiologisk avdeling. Avdelinga er utstyrt med mellom anna moderne MR-maskiner, CT-maskiner og utstyr for PET. Radiologisk avdeling har ein eigen seksjon for barn og ungdom og ein seksjon for brystundersøking av kvinner (mammografi). Røntgenavdelingane ved Kysthospitalet i Hagevik, Voss sjukehus og Bergen helsehus er også ein del av Radiologisk avdeling.

Radiologisk avdeling har omlag 350 tilsette, og er delt inn i fleire seksjonar.

  • Brystdiagnostisk senter (tidlegare Mammografisenteret)
    Ansvarleg for Mammografiprogrammet i Hordaland, samt klinisk brystdiagnostikk (mammografi og/eller ultralydundersøking av bryst). Held til i leigde lokale i 5. etasje på Haraldsplass Diakonale Sykehus.
  • Radiologisk avdeling, Kysthospitalet i Hagevik
    Held til på Kysthospitalet i Hagevik, i 2. etasje. Utfører primært røntgenundersøkingar for Kysthospitalet i Hagevik, men også tilviste pasientar hovudsakleg frå Os og omegn.
  • Senter for Nukleærmedisin, PET
    Vi utfører både konvensjonelle nukleærmedisinske undersøkingar og PET/CT og PET/MR.  Begge er undersøkingsmetodar som nyttar radioaktive sporstoff for å undersøke fysiologiske og biokjemiske prosessar. Du finn oss i Parkbygget. 
  • Seksjon for barn og ungdom
    Eiga røntgenavdeling for pasientar mellom 0 og 18 år, lokalisert i Barne og Ungdomsklinikken, Marie Joys' hus. Flyttar snart inn i Glasblokkene. 
  • MR-seksjonen
    Utfører undersøkingar ved hjelp av et kraftig magnetfelt og radiobølger. Frå dette kan det framstillast bilete av kroppen i ulike plan. Held til i fleire etasjar i Sentralblokka.
  • CT/Generell
    Utfører tradisjonelle røntgenundersøkingar og CT-undersøkingar. Den største seksjonen i avdelinga, held til i 1. etasje i Sentralblokka.
  • Intervensjon/Ultralyd
    Her utfører me for det meste ulike pasientbehandlingar, men også noko biletediagnostikk. Intervensjon held til i 1. etasje i Sentralblokka
  • Radiologisk avdeling, Voss sjukehus
    Held til på Voss sjukehus i 3. etasje i bakre bygg (mot nord). Utfører tradisjonelle  røntgenundersøkingar, CT-, MR- og ultralydundersøkingar av hovudsakeleg pasientar frå Voss lokalsjukehusområde.
  • Radiologisk avdeling, Skadepoliklinikken
    Held til i Bergen helsehus. Utfører diagnostikk og behandling av pasientar frå Skadepoliklinikken.

 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Telefaks

55 97 51 42

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus
Radiologisk avdeling
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologisk avdeling har seksjonar fleire stader på Haukelandsområdet, i Bergen helsehus, i leigde lokale ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, på Kysthospitalet i Hagevik og ved Voss sjukehus. Sjå den aktuelle seksjonen for meir informasjon.

      Senter for medisinsk visualisering

      Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen etablerer våren 2017 Senter for Medisinsk visualisering med støtte frå Bergens Forskningsstiftelse (BFS). Senteret skal styrka kompetanse og forsking knytt til dei allereie store utstyrsinvesteringane frå Bergens forskningsstiftelse, slik som høgfelts magnettomografi (MRI), klinisk og preklinisk positronemisjonstomografi (PET) og computer tomografi (CT).
      Besøk Mohn Medical Imaging and Visualization Centre
      illustrasjon

      Radiologiske prosedyrar

      For å unngå at pasientar må ta dei same undersøkingane om igjen når dei går frå eitt sjukehus til eit anna, er radiologiske prosedyrar i Helse Vest standardisert. Protokollane er tekniske prosedyrar som viser korleis ein skal «køyre» MR- og CT-undersøkingar, og retningslinjene er anbefalingar for beste praksis.

      Radiologiske prosedyrar (helse-vest.no)
      CT-maskin