Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
To forskere ser på MR på skjerm. Foto

Forsking

Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene til sjukehuset, saman med pasientbehandling, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande. Forskingsmiljøet ved Haukeland universitetssjukehus publiserer fleire hundre vitskapelege artiklar, og mellom 50 og 100 doktorgradar blir gjennomført årleg.

For forskarar

  • Forskingsmidlar

    Her finn du oversikt over tilgjengelege midlar til forsking.

  • Labbygget
    Forskingsfasilitetar på Haukeland

    Felles infrastruktur - meir forsking: Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Universitetet i Bergen (UiB) tilbyr ulike kjernefasilitetar for forskarar og prosjekt.

  • innovasjon
    Innovasjon ved Haukeland universitetssjukehus

    Innovasjon dreier seg om å utvikle og innføre nye og betre produkt og tenester i og for verksemda.

Nasjonal forskning og innovasjonsrapport

Aktuelle forskingssaker

  • 7. november 2024
    EU-prosjekt innvilga med toppscore

    Prosjektet “NADage – Å auke NAD-metabolismen for å førebyggje patologisk aldring av hjernen” er blitt valt ut i programmet ERA4Health til å motta finansiering. Prosjektet skal undersøkje korleis NAD-metabolismen påverkar aldring, kognitiv svikt og skrøpelegheit. Gjennom ein klinisk studie vil forskarane teste effekten av NAD-tilskot hos eldre med skrøpelegheit, i håp om å bremse eller førebyggje aldersrelaterte svekkingar i hjernen.

  • 30. september 2024
    Opning av K.G. Jebsen-senter for myeloid blodkreft, C-MYC

    Senteret er eit samarbeid mellom Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen, Universitetet i Bergen, Helse Bergen, Blodkreftforeininga og Kreftforeininga. Professor og overlege Bjørn Tore Gjertsen ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen er leiar for senteret. 11.-12. september var det klart for opningssymposium på Grand Bergen.

  • 30. mai 2024
    Dette forska sjukehusa på i 2023

    Hologram, virtuell verkelegheit og robotskannar. I 2023 blei det gjort mykje god og viktig forsking i sjukehusa, der fleire ulike verktøy blei tatt i bruk. Torsdag 30. mai blei rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt for ellevte gong.

Studiar til pasientens beste

Kliniske studiar handlar om å dokumentere effekt og sikkerheit av nye behandlingsmetodar, altså ei undersøking av korleis ein behandling verkar på menneske. Det kan vere eit nytt legemiddel, ein kirurgisk metode, spesielle diettar eller bruk av medisinsk teknisk utstyr.
Les meir om korleis ein klinisk studie går føre seg
Gruppebilde forskere med plakat hæsjtag spør oss om kliniske studier". Foto
Sist oppdatert 02.10.2024