Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Et par personer som går utenfor en bygning

Barne- og ungdomsklinikken

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ved Haukeland universitetssjukehus ivaretar barn og unge med akutte og kroniske sjukdommer til dei er 18 år. BUK er regionsjukehus på Vestlandet og er leiande i behandling av barnesjukdomar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling, og ivaretar både lokale, regionale og nasjonale oppgåver innanfor pediatri. BUK samarbeider tett med dei andre klinikkane på sjukehuset, med kommunar og legevakter, med barneavdelingane på Vestlandet, og andre avdelingar nasjonalt og internasjonalt. Barne- og ungdomsklinikken sin visjon •    Barn og unge skal ha god, trygg og rett behandling. •    Barn og unge skal få omsorgsfulle tenester tilpassa sine behov. •    BUK skal være ein attraktiv og trygg arbeidsplass der tilsette får medverke og utvikle seg

Barne- og ungdomsklinikken er regionsjukehus for Helseregion Vest, og er leiande i behandlinga av barnesjukdommar. Klinikken skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenester for barn og unge inntil fylte 18 år.

BUK har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjev nye og spennande moglegheiter for framtida.

BUK har 67 senger (fleire i infeksjonssesongen) fordelt på fem seksjonar: Nyfødd intensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar. Det er mange faggrupper tilsett hjå oss, og vi arbeider saman - i team.

  • Klinikkdirektør, Maria Vollsæter
  • Assisterende klinikkdirektør, Magne Juuhl
  • Seksjonsleiar stab, Anne-Jorunn Langeland
  • Seksjonsleiar Lege, Karin Tylleskär
  • Seksjonsleiar Lege, Ninnie Oehme
  • Seksjonsleiar Kontor, Sissel Iversen
  • Seksjonsleiar Barnekirurgen, Anette Tysnes Aarvik
  • Seksjonsleiar Energisenteret for barn og unge, Lars Peder Vatshelle Bovim
  • Seksjonsleiar Habiliteringstenesta for barn og ungdom, Pernille Schaathun Berge
  • Ass.seksjonsleiar Medisin A,Merethe Smørholm
  • Seksjonsleiar Medisin B, Hilde Johanne Hagen
  • Seksjonsleiar Medisin C, Åslaug Eide
  • Seksjonsleiar Nyfødd intensiv, Anne-Siri Fonneland

 

Barne og ungdomsklinikken samarbeider med alle avdelinger ved Helse Bergen. Under har vi listet noen eksempler. Her du kan finne informasjon om behandling og tjenester tilpasset barn og unge. 

Kontakt

Telefon

Barne- og ungdomsklinikken

55 97 51 99
Måndag til fredag kl. 08.00-15.00. Hovedresepsjon finner du i 1. etg i Glasblokkene 5-8

Telefaks

55 97 15 59

Postadresse

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
Barne- og ungdomsklinikken
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8 i 1. etasje, er open alle kvardagar frå 07.00- 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.

Skal ditt barn ta blodprøvar, skjer dette i Blokk 6 i 1. etasje 
(opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30). 

Praktisk informasjon

I Glasblokkene er det 3 stillerom disponibelt for pasienter, pårørende og personale, samt sykehusprest og representanter fra andre trossamfunn. Det er eit stillerom i U1 og to i U2.  
 

Eit stillerom er eit rom for ro og tanke, tro-og livssynsnøytralt og alltid åpent. Det skal gi moglegheiter for å tenne lys, skrive i “minnebok”, holde ein mindre seremoni, eller å ta en “timeout” fra omgivnadene. Rommet uttrykker respekt, verdighet og ro, for dei som har behov for det. 

Romma er sentralt plasserte og lett tilgjengelege. Dei har sittemøblar, skap med bordplate, og vil være mogleg å delvis eller totalt skjerme. Romma er kan bli brukt av pasientar, pårørande, personale, sjukehusprest og representantar frå andre trussamfunn.   

Rommet innbyr til ei anna stemning enn det ein opplever andre stader i bygget og danner rammer for ettertanke og høgtid. Det er ope og fleksibelt, og gir moglegheiter for funksjoner som kan skapes av de som bruker det og har behov for det.  

Barn og unge på sjukehus

​Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skule/ barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus.
Les tips og råd for barn og unge
Portrett av ung jente. Foto

Hvorfor er barnas søvn viktig?

Søvn spiller en sentral rolle i forhold til barnas utvikling, deres psykisk helse og atferd, og evne til læring og konsentrasjon. Søvn har også betydning for vekst, vekt, immunsystemet og risiko for ulykker. Forstyrret og/ eller utilstrekkelig søvn kan ha konsekvenser både på kort og på lang sikt.

Hvorfor er barnas søvn viktig?
En baby som sover med et kosedyr

Ungdomsrommet BUS

Ungdomsrommet BUS (i Barne- og ungdomssjukehuset) er for deg som er ung og på sjukehus. Rommet er meint som ein stad der du kan kople av frå behandling og fritt for helsepersonell. Hit kan du ta med deg nokre venner, eller gå aleine. Det er opp til deg.
Les meir om Ungdomsrommet BUS
To jenter i sofa. Foto

Søvnpodden

Søvnpodden er SOVno sin podkast for alle som sover. Enten du sliter med søvnen, behandler folk med søvnproblemer eller bare vil lære litt mer om søvn, er dette podkasten for deg!

Disse tre episodene er svært relevant for barn og ungdom

Episode 3: Når babyen ikke sover...

Episode 9: Ungdomssøvn: Dårlige valg eller biologi

Bonusepisode: Helsesista! Hva er ungdom opptatt av når det gjelder søvn?

Søvnpodden
En person som holder opp langfingeren

Gåver og donasjonar

Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre. Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.
Les meir
foto. jente med maling på hendene.

Kan du gi morsmjølk?

Har du for mykje mjølk? Vi tar imot morsmjølk som blir brukt til for tidleg fødte eller sjuke nyfødde barn. Mjølka blir brukt til barn der mor ikkje produserer nok mjølk.
Les meir om kven som kan bli morsmjølkgivarar.
Sjukepleiar med morsmjølk i kopp. Foto

Klinisk forskingspost for barn

Klinisk forskingspost for barn (KFPB) blei oppretta i 2007. Her er det spesielt lagt til rette for klinisk legemiddelutprøving i tidleg fase, samt utprøving av ny teknologi.
Les meir om forskingsposten for barn
En person som bærer maske

Prosjekt ekstrem prematuritet (PEP)

PEP er eit nasjonalt forskingsprosjekt der alle føde- og barneavdelingane i Norge og Medisinsk fødselsregister deltar. Vi ønsker å få vite korleis det går med desse minste barna på kort og lang sikt, slik at vi kan gi betre behandling og oppfølging av barna og familiane.
Prosjekt-ekstrem-prematuritet-pep (dummy)
Mor med prematurt barn på brystet. Foto

Avansert heimesjukehus for barn og unge

Avansert heimesjukehus (AHS) tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg, som alternativ til opphald på sjukehuset. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand og om barn og familie sjølve ønskjer det.
Les meir om AHS
bilde: jente på arment til far snakker med sykepleier

Ganglaboratoriet

Nokre barn slit med å gå. På Ganglaboratoriet bruker vi tredimensjonal databasert analyse for å kartlegge gangmønster og vurdere kva slags behandling som vil fungere best for den enkelte. Ganglaboratoriet er eit samarbeid mellom Ortopedisk klinikk og Barneklinikken. Her kjem pasientar med nevro-ortopediske lidingar.
Les meir om Ganglaboratoriet
Ganganalyse med pasient. Foto

Kva meiner ungdom mellom 12 og 17 år om BUK?

Vi har laga ei spørjeundersøking som vi håpar du svarar på.

Les meir om undersøkinga
Ung jente som smiler