Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En bamse på en lekevogn

Barne- og ungdomsklinikken, Hjartepoliklinikk

Vi greier ut og behandlar og følger opp barn og unge med medfødde hjartefeil (misdanningar), hjarterytmeforstyrringar, risiko for å utvikle visse arvelege hjartessjukdommar og dei som har symptom som gir mistanke om ein eller annan hjartesjukdom. Hos nokre av pasientane våre blir diagnosen oppdaga allereie i fosterlivet, hos andre i nyføddperioden, og hos nokre oppstår symptoma først i barneåra eller i ungdomstid. Vi held til i 1. etasje i Blokk 3, Glasblokkene.

Dei mest alvorlege tilstandane blir vanlegvis oppdaga i fosterlivet eller kort tid etter fødsel. På den anna side, er det mange av hjarteproblema barn blir fødd med som går over av seg sjølv, etter kvart som barna veks. 

Legene på barnehjarteseksjonen er ei lita gruppe, der nokre har bakgrunn som barnelegar som har erfaring med hjartesjukdom, mens andre er hjartelegar som har erfaring med barn. Vi henter såleis kompetanse frå to fagmiljø, og forener dette. Vi byter ofte på å sjå dei same pasientane, for å få forskjellige blikk og innfallsvinklar, og vanskelege problemstillingar diskuterer vi i fellesskap. Dei vanlegaste undersøkingane vi utfører er kliniske undersøkingar (måle blodtrykk, lytte med stetoskop og liknande), EKG og ekkokardiografi (ultralyd av hjartet). Nokre ganger bruker vi langtids-EKG, som ein går heime med. Andre gangar måler vi hjarte- og lungekapasitet under aktivitet på ein tredemølle. Ein sjelden gang har vi bruk for blodprøver, røntgenbilde, MR eller CT. Men ofte er det aller viktigaste at vi får ein god beskrivelse av symptoma, altså det pasienten (eller foreldra) kan fortelje oss, for at vi skal stille riktig diagnose og gi riktig behandling.

Misdanningar i hjartet (medfødde hjartefeil) finst hos ca. 1 prosent av alle barn, men det er berre om lag ein fjerdedel av desse som treng operasjon. Alle hjarteoperasjonar på barn i Noreg blir gjort på Rikshospitalet, så for desse pasientane samarbeidar vi med kollegaene våre i Oslo. Barn med hjarterytmeforstyrringar behandlar vi ofte med medisinar, men nokre ganger kan ein også løyse problemet ved å gå inn i hjartet med eit kateter. I desse tilfella samarbeider vi med legane på Hjarteavdelinga på Haukeland.

Heldigvis er det slik at mange av barna og ungdommane som blir tilvist med spørsmål om hjartesykdom viser seg å vere heilt friske. Det kan handle om bilydar, som ofte kan høyrast av ein lege som lyttar på hjartet, utan at det nødvendigvis betyr at barnet har ein hjartesjukdom. Eller det kan handle om symptom som hjartebank, brystsmerter eller besvimingar. Ofte kan vi avklare desse problemstillingane på kort tid.

Når det gjeld barn med dei alvorlegaste hjartefeila, spesielt dei som treng gjentekne hjarteoperasjonar, så er det behov for ei tverrfagleg oppfølging. Dette bidrar vi med å organisere, og vi kan tilvise til andre faggrupper. Mange av dei personane det gjeld vil trenge kontrollar og oppfølging i helsevesenet heile livet, og særleg ungdomsåra veit vi at kan vere utfordrande. Derfor har vi for denne gruppen utvida tilbodet ved Barne- og ungdomsklinikken, slik at vi følger alle til dei blir 18 år, men nokre heilt til dei blir 23 år. Deretter sørgjer vi for overføring til oppfølging ved Hjarteavdelinga. Der vil de møte nokre av dei same legane som har fulgt dei på Hjarteseksjonen ved Barne- og ungdomsklinikken.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 3, 1. etasje, ventesone B3