Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Team Utdanning

Utdanning er ei av dei fire hovudoppgåvene for sjukehuset. Team Utdanning bidrar til å sikre rett og tilstrekkeleg kompetanse i dag og i framtida ved å ha tett samarbeid med dei kliniske avdelingane, andre stabsavdelingar, leiinga ved sjukehuset og utdanningsinstitusjonane.

Team utdanning forvaltar fleire oppgåver knytt til utdanning. Vi har ansvar for praksiskoordinering og IKT-tilgangar for alle studentar. Vi samarbeider med avdelingane på sjukehuset og alle utdanningsinstitusjonane. 
Teamet bidrar med sekretariat i ulike samarbeidsfora og fagråd, har ansvar for helsefaglærlingar, samt hovudansvar for utdanningsstillingar. 
Teamet gir rettleiing i utdanning- og kompetansespørsmål. 
Vi deltek i eller leiar ulike prosjekt og arbeidsgrupper lokalt og regionalt (ev. nasjonalt).

Les meir om Team Utdanning


OK programmet
OK programmet (overvakingskompetanse) er eit målretta og internt kompetanseprogram for sjukepleiarar som arbeidar ved overvakingseiningar, det vil seie nivået mellom intensiveining og sengepost. Programmet skal gje sjukepleiarar med minst eitt års klinisk erfaring høgare kompetanse til å handtere overvakingspasientar og avansert teknologi.
OK programmet omfattar 12 dagar med undervisning, ferdigheitstrening, simulering og klinisk rettleiing. Det blir gjennomført 2-3 kull per år med 16 deltakarar per kull.
Leiar søkjer plass i OK programmet for sjukepleiarar i eiga eining.
OK programmet blir organisert av FoU, Seksjon for kompetanseutvikling.

Kontakt oss
Teamleiar: Eline Vartdal Sætre - eline.vartdal.setre@helse-bergen.no 

Andre i teamet: Åse Anbjørg Grøthe, Asta Optun, Ingrid Johanne Garnes, Siv Rosvik Vindenes, Merete Hefte, Kristina Maria Borge, Kari Britt Hagen, Elisabeth Veland Woodward, Tiril Kyrkjebø-Urheim

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Jørgen Sandbergs hus, 1. etasje