Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Bjørgvin DPS døgnbehandling

Døgnbehandling (innlegging) kan brukast i periodar med behov for kontinuerleg oppfølging. Døgnbehandling er som poliklinisk behandling (behandling utan innlegging), men den er meir intensiv, med meir omfattande og konsentrerte hjelpetiltak. Målet er å gi deg kontroll over symptoma så raskt som mogleg.

 

Før

Innlegging til døgnbehandling skjer på tre måtar: som planlagd innlegging, øyeblikkeleg hjelp, eller under tvang.

Planlagd innlegging

Fastlegen eller poliklinikken søkjer om innlegging på vegne av deg. Du blir så innkalla til eit formøte med behandlar. Saman går de gjennom kva slags behandling som er best for deg. Du får det du treng av praktisk informasjon for å førebu deg til opphaldet.

Øyeblikkeleg hjelp

Ved alvorlege symptom som kjem plutseleg, kan det vere aktuelt med akutt innlegging. Det er fastlegen, legevakt eller poliklinisk behandlar som vurderer om det er behov for dette. Den endelege avgjerda skjer på sjukehuset.

Tvang

Ved alvorlege lidingar kan du bli lagt inn ved ei døgnavdeling i psykisk helsevern mot eigen vilje (tvunge psykisk helsevern). Tvunge psykisk helsevern er regulert gjennom Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernlova).

Lova seier mellom anna at tvang berre skal brukast når frivillig psykisk helsevern har blitt forsøkt utan at dette har ført fram, eller det er openbert føremålslaust å forsøke dette.

 

Under

Behandlinga som blir tilbydd ved døgnpost i psykisk helsevern er stort sett den same som ved poliklinisk behandling (behandling utan innlegging). Målet er å få kontroll over symptoma dine så raskt som mogleg.

Fordelar ved døgnbehandling er at hjelpetilbodet kan vere omfattande med konsentrert innsats. Du får oppfølging heile døgnet, og du får trygge rammer rundt deg i ein vanskeleg fase av livet.

Kor lenge varer behandlinga?

Kor lenge du har behov for døgnbehandling blir diskutert fortløpande mellom ansvarleg behandlar og deg. Ved frivillig innlegging kan du sjølv velje å skrive deg ut. Ved tvunge psykisk helsevern er det spesialist i psykiatri eller psykologspesialist som bestemmer når du er klar til å skrivast ut. Likevel vil du vere med på å vurdere lengda av behandlinga.

 

Etter

Kva slags oppfølging du treng, er avhengig av kor alvorlege symptoma dine er. Nokre treng tett oppfølging og behandling i poliklinikk. Andre har fått så god kontroll over symptoma at dei kan få nødvendig hjelp hos fastlegen. I løpet av døgnbehandlinga blir det bestemt kva slags oppfølging du treng vidare.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sengepostane ved Bjørgvin DPS finn du på Tertnes i Åsane.