Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pårørande

Mange pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og omsorgen for sine nære, men også dei kan ha behov for støtte og hjelp til å meistre eigen livssituasjon.

​Sjølv om helsepersonell har teieplikt, er det mange tilfelle der pårørande også har rett på informasjon. Alle pårørande har rett til generell rettleiing, og det er ikkje brot på teieplikta å lytte.

I tillegg har pårørande rett til informasjon når:

  • Opplysningane allereie er kjent
  • Pasienten eller brukaren samtykker til det
  • Forholda tilseier informasjonsdeling, for eksempel i ein nødsituasjon eller om pasienten er ute av stand til å gi samtykke
  • Pasienten ikkje er i stand til å ivareta sine interessar

Foreldre har også rett til informasjon om sine barn inntil dei fyller 16 år, og inntil dei fyller 18 år om opplysningane er nødvendige for å ivareta foreldreansvaret.

Det er næraste pårørande som har rett til informasjon. Pasienten eller brukaren har rett til å peike ut sin næraste pårørande. Om han / ho ikkje er i stand til å peike ut næraste pårørande, skal det vere den som i størst utstrekking har varig og løpande kontakt med pasienten.

Gode råd til deg som er pårørande - helsenorge.no

Meir om pårørandes rettar på helsenorge.no

Rettleiar for pårørande i helse- og omsorgstenesta - Helsedirektoratet Pårørendesenteret.no

Barn og ungdom som pårørande

Når ein familiemedlem blir alvorleg sjuk medfører det ofte ei endring i livssituasjonen til heile familien. I slike situasjon er det viktig at vaksne er merksame på korleis barna har det. Her finn du råd og tips som kan vere til hjelp.
Les meir om barn og ungdom som pårørande
Et nærbilde av en persons hånd

Rettar, val og moglegheiter

Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Her finn du ei oversikt over dine rettar og moglegheiter på sjukehuset.
Les meir om dine rettar
Voss_sjukehus_fysioterapi_gangtrening_krykker_pasient_3.jpg
Sist oppdatert 16.01.2024