Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samval

Som pasient har du rett til å ta del i val om eiga behandling. Dette blir kalla samval. Samval er ein prosess der du saman med helsepersonell kjem fram til og tar beslutningar om kva for nokre forsvarlege og tilgjengelege behandlingar som er best for deg.

​Som pasient har du rett til å ta del i val som gjeld både utgreiing, behandling og oppfølging. Samval skal sikre at du får tilstrekkeleg, presis og relevant informasjon om kva du kan forvente av dei ulike behandlingsalternativa. Oftast handlar samval om å velje mellom ulike og tilgjengelege behandlingar, men det kan også handle om det å utsetje, avvente eller velje å ikkje behandle. Du skal også kunne velje å avstå frå å ta del i slike val.

Utgangspunktet for ein samvalssituasjon er at ingen av alternativa du kan velje mellom framstår som klart best. Då blir det eit spørsmål om korleis du veg fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa opp mot kvarandre. Den eller dei som vel må gjere ei avveging, for eksempel mellom sannsynleg effekt og risiko for bestemte biverknader. Ei slik avveging er også avhengig av dine verdiar og preferansar.

Du får støtte av helsepersonell i denne prosessen. For mange vil det også vere ei god støtte å snakke med familie eller andre nære personar om desse vala.

Spørsmål du kan stille behandlaren din

  • ​Kva for nokre alternativ har eg?
  • Kva er dei moglege fordelane og ulempene ved desse alternativa?
  • Kor sannsynleg er det at desse fordelane og ulempene vil gjelde for meg?

Når du skal vere med å velje, spør deg sjølv: Kva er viktig for meg?

​Samvalsverktøy

Nokre gonger kan samvalsverktøy vere til hjelp i beslutningsprosessen. Verktøya gir relevant og påliteleg informasjon om ditt helseproblem og kva for nokre tilgjengelege moglegheiter du kan velje mellom . Verktøya kan brukast både før, under og etter konsultasjon.

På helsenorge.no finn du samvalsverktøy for utvalde problemstillingar. Fleire verktøy skal utviklast. Sjølv om du ikkje finn samvalsverktøy som er relevante for deg, kan du og behandlaren din like fullt gjennomføre eit samval. Dette gjer de ved å diskutere dei ulike alternativa og kome fram til det beste valet for deg.​

Sist oppdatert 25.08.2022