Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Eksteriør Bjørgvin DPS. Foto

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)

Bjørgvin distriktpsykiatriske sjukehus (DPS) er lokalsjukehus innan psykisk helse for vaksne (over 18 år), som bur i bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune og i kommunane Alver (Meland, Lindås og Radøy), Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for menneske med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi tilbyr poliklinisk behandling, dagbehandling, døgnbehandling og akutt hjelp.

Vi ønskjer å fremje psykisk helse under mottoet å gjere kvardagen lettare. I dette ligg det eit ønskje om å gje god behandling, hjelp til å takle symptom, være tilgjengeleg og fleksibel for menneske med psykiske lidingar.

Bjørgvin DPS er lokalisert på Tertnes i Åsane og på Knarvik i Nordhordland. På Tertnes ligg administrasjon, poliklinikkar, dag- og ambulante tenester for Arna, Åsane og Osterøy, samt sengepostar for heile opptaksområdet. I Knarvik har vi poliklinikk, gruppebehandling og ambulante tenester for Nordhordland.

Tilvising

For å komma i kontakt med oss må du ha tilvising frå fastlege, legevakt eller andre delar av spesialisthelsetenesta.

Akutt behandlingstilbod

Alle akutte tilvisingar frå opptaksområdet på dagtid måndag-fredag går til akuttvakt i poliklinikk, som samarbeider med andre funksjonar i DPSet og akutt ambulant team som har opningstid fram til kl. 22 på kvardagar, og helg frå klokka 11 til 18. Vanlegvis får ein time same eller neste dag i den poliklinikken ein soknar til.

Fleire behandlingstilbod

TOPS-teamet

OCD-teamet

eBehandling

 

Kven treff du hos oss?

All behandling ved Bjørgvin DPS blir leia av psykiater eller psykologspesialist. Dei arbeider saman med legar, psykologar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, og andre med sosial- og helsefagleg utdanning og erfaring.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bjørgvin DPS har stader både på Tertnes i Åsane og på Knarvik i Nordhordland. Begge stadene tilbyr eit breitt spekter av tenester innan psykisk helsevern og behandling. Vi legg stor vekt på å skape ein trygg og støttande atmosfære for våre pasientar, og vårt dedikerte team av fagfolk står klare til å bistå dei som treng det, enten det er i Tertnes eller Knarvik.
Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø

Praktisk informasjon

 

Alle er velkomne til kantina vår i Bygg B.

Opningstider måndag - fredag klokka 10:30 til 12:30

 

 

Er du pasient?

Her finn du informasjon om kva du kan gjera for å førebu den fyrste samtalen, kva som skal skje under den fyrste samtalen og korleis behandlinga går for seg.
Informasjon til pasientar
Pasient og behandler. Illustrasjon

Er du pårørande?

Det kan vere utfordrande å vere pårørande til ein person med psykiske helseutfordringar. Her finn du informasjon retta både mot vaksne pårørande og barn som er pårørande.
Informasjon til pårørande
Pårørende og pasient sitter i sofa hos behandler. Illustrasjon

Hjelp deg sjølv i ventetida

Her finn du informasjon om vanlege psykiske vanskar, råd og resursar som kan vere til hjelp for deg og familien din.
Gode råd i ventetida
Illustrasjon av e-konsultasjon.

Aktivitetar og tilbod

Psykiske problem har ofte samanheng med, og kan påverke forholdet til våre medmenneske. Vi vektlegg derfor aktivitet og samhandling.
Les meir om aktivitetstilbodet på Bjørgvin DPS
Illustrasjon med mange ulike mennesker som bedriver ulike aktiviteter.

Rettar, val og moglegheiter

Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Her finn du ei oversikt over dine rettar og moglegheiter på sjukehuset.
Les meir om dine rettar
Voss_sjukehus_fysioterapi_gangtrening_krykker_pasient_3.jpg