We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Rettar, val og moglegheiter

Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din.

I kommunen og på sjukehus har ein plikt til å tilby deg som pasient, brukar eller pårørande eit møte når det har skjedd svært alvorlege hendingar som har involvert pasient eller brukar.

Les meir om dine rettar ved alvorlege hendingar

Det er ikkje lett å vere barn når ein av foreldra blir alvorleg sjuke, skada, ruser seg eller er psykisk sjuke. Barn av pasientar med psykiske-, rus- eller alvorlege somatiske lidingar skal sikrast nødvendig oppfølging.

Alle avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus har eigne barneansvarlege. Barneansvarleg skal sette i verk tiltak som sikrar at barn og foreldrer meistrar ein vanskeleg situasjon og førebygger problem.

Les meir om barn som pårørande

Pasientar og brukarar har rett til å medverke, og helsepersonell har plikt til å involvere pasient og brukar i undersøking, behandling og val av tenestetilbod.

Les meir om brukarmedverknad i spesialisthelsetenesta​​

Les meir om og kontakt Brukarutvalet

Les meir om og kontakt Ungdomsrådet

Les meir om brukarmedverknad på helsenorge.no

Pasientar som ikkje kan få behandling i Noreg på grunn av manglande behandlingstilbod, kan ha rett til behandling i utlandet.

Det er Helse Vest RHF som har ansvaret for at pasientar som høyrer til Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane får behandling i utlandet når dei har krav på det. Ansvaret for å behandle slike søknadar, har Helse Vest RHF lagt til Helse Bergen HF.

Les meir om utanlandsbehandling

Skal du sende post til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Les meir om eDialog og korleis du sender sikker digital melding til sjukehuset​​

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Oversikt over eigendelar på helsenorge.no

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalendaråret.

Oversikt over frikort og beløpsgrenser på helsenorge.no

Alle som er pasientar ved eitt av sjukehusa i Helse Vest (dette gjeld også pasientar ved dei private ideelle sjukehusa) kan logge seg inn på helsenorge.no og digitalt få tilgang til å:

  • logge inn og sjå oversikt over timane dine
  • sende melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ønskjer å endre time eller vil avslutte behandlinga
  • legge timen i din eigen elektroniske kalender
  • sjå store delar av journalnotata dine og innsynsloggen din - altså kven som har opna journalen din.
    Vi minner om at det er fleire enn berre behandlande lege som gjer oppslag i pasientar sin journal. Grunnen kan også vere vedlikehald av journalar, feilretting, endring av timar, registrering av prøvesvar og ei rekkje andre grunnar.

Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time

Pasientgebyr for manglande oppmøte/avbestilling

Ved manglande oppmøte eller avbestilling av time, blir du belasta gebyr etter gjeldande takstar.

Les meir om eigendelar, pasientbetaling og takstar på helsenorge.no

Pakkeforløp er nasjonale standardiserte pasientforløp som er fagleg basert og normgivande, og skal bidra til betre oversikt og tryggleik for pasienten.

Pakkeforløp er ein nasjonal standard for kor lang tid dei ulike elementa i eit utgreings- og behandlingsforløp skal ta. 28 pakkeforløp for kreft og 31 diagnoserettleiarar for fastlegane er etablert.

Eit viktig tiltak er forløpskoordinator ved alle avdelingar som utgreier og behandlar kreft. Forløpskoordinatoren kan bli kontakta av både pasient og fastlegar. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med bestilling av timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.

Sjå oversikt - forløpskoordinatorar ved pakkeforløp for kreft i Helse Bergen

Eit sjukehus registrerer, behandlar og lagrar ei betydeleg mengde personopplysningar, både for å gi helsehjelp og for å forske. På nettstaden helsenorge.no kan du lese meir om forsking, deltaking i forsking og reservasjon mot bruk av biologisk materiale til forsking.

Les meir om deltaking i forsking og kliniske studier

Om du har fått ein frist for start av helsehjelp, og ikkje har mottatt helsehjelpa frå sjukehuset innan denne fristen, har du rett til å få eit behandlingstilbod ein annan stad. Fristen blir gitt ut i frå ei individuell vurdering av kor alvorleg tilstanden er og kor mykje det hastar å få helsehjelp.

Ved fristbrot vil sjukehuset ta kontakt med HELFO pasientformidling. Dei vil hjelpe med å finne eit tilbod til deg hos ein annan behandlar om du ønskar det.

Les meir om fristbrot og dine rettar

Når du har fått ei tilvising, har du rett til å velje blant behandlingsstadar i heile Noreg. På helsenorge.no finn du oversikt over behandlingsstadar. Her kan du samanlikne ventetider for utgreiing og behandling, og få informasjon om korleis du må gå fram om du vil bytte behandlingsstad.

Les meir om fritt behandlingsval

Velg behandlingsstad på helsenorge.no

Avtalar i Helse Vest med private behandlingsinstitusjonar

Pasientgebyr for manglande oppmøte/avbestilling

Ved manglande oppmøte eller avbestilling av time, blir du belasta gebyr etter gjeldande takstar.

Les meir om eigendelar, pasientbetaling og takstar på helsenorge.no

​Er du sjukemeldt, står i fare for å bli det, eller har gjentakande sjukemeldingar? Helse og arbeid er eit tilbod for personar med muskel- og skjelettlidingar, eller personar med samtidig muskel- og skjelettliding og vanlege psykiske lidingar. Tilbodet er for arbeidstakarar og for dei som er i skule- og utdanningsløp.​​


Har du behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege har du rett til ein individuell plan. Dersom det er aktuelt i ditt tilfelle - og du sjølv ynskjer det - skal sjukehuset ta initiativ til dette overfor din heimkommune eller bydel.

Planen skal sikre deg medverknad i behandling og rehabilitering og at alle involverte parter samarbeider. Ein av tenesteytarene skal oppnevnes som koordinator, og skal sørgje for nødvendig oppfølgjing av den enkelte pasient eller brukar.

Les meir om individuell plan og koordinator (helsenorge.no)
Les meir om koordinerande eining i Helse Bergen

Kjernejournal gir helsepersonell rask tilgang til utvalde og viktige helseopplysningar om deg, uavhengig av kor du får behandling. Både du som innbyggar og helsepersonell har tilgang til informasjonen i denne tenesta.

Les meir om kjernejournal

Du har rett til å klage om du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- og omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan óg ha klagerett.

Les meir om klage og erstatning

 

Alvorleg sjuke pasientar får eigen kontaktlege på sjukehuset. Ordninga skal sikre betre koordinering av helsetenester til denne pasientgruppa.

Kontaktlegen har det faglege ansvaret for at pasienten får eit heilskapeleg behandlingsløp så lenge han / ho er innlagd eller går til oppfølging ved sjukehuset.

Les meir om kontaktlegeordninga

Kontrollkommisjonane innan psykisk helsevern er uavhengige organ som har som oppgåve å ta vare på rettstryggleiken til pasientane.

Kontrollkommisjonane behandlar klagar på vedtak etter psykisk helsevernlova, og har faste besøk / møte på dei psykiatriske institusjonane.

Alle institusjonar, distriktspsykiatriske senter og poliklinikkar i det psykiske helsevernet er tilknytt ein kontrollkommisjon.

Sjå oversikt over og kontaktinformasjon for kontrollkommisjonane i Helse Bergen sitt opptak​sområde.

  • Helsemyndigheitene ønskar at pasientar, pårørande og publikum skal få betre kunnskap om kvaliteten på behandlinga i helsetenesta. Når det gjeld kvalitetsindikatorane så blir kvalitet på tenestene definert som tenester som er:
  • Verknadsfull
  • Trygge og sikre
  • Involverer brukar
  • Samordna og prega av kontinuitet
  • Tilgjengelege og rettferdig fordelt

Les meir om kvalitetsindikatorar og behandling i spesialisthelsetenesta

All pasientbehandling skal bli dokumentert i ein pasientjournal. Pasientjournalen er ei samling av opplysningar, elektronisk eller i papirform, om ein pasient sin kontakt med helsetenesta. Journalen inneheld opplysningar om diagnose, sjukdomsforløp og behandling.

Les meir om pasientjournal og innsyn i journal

Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasientens og brukaren sitt behov, interesser og rettsstryggleik overfor spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta for å betre kvaliteten i tenestene.

Brosjyre - Informasjon om Pasient- og brukarombodet (PDF)

Ombodet kan gi råd, rettleiing og informasjon om dine rettar som pasient, brukar eller pårørande. Ombodet kan også hjelpe med å formulere og vidareformidle spørsmål eller klage til rette instans.

Ta ko​ntakt med Pasient- og brukarombodet i Hordaland

Reiser du til og frå offentleg godkjent behandlingsstad, har du rett til å få dekka nødvendige reiseutgifter til reise. I utgangspunktet får du dekka billigaste reisemåte, og du må betale eigendel.

Avdeling for pasientreiser koordinerer transport av pasientar til og frå  behandling ved sjukehuset.

Les meir på nettsida til Avdeling for pasientreiser

I personvernerklæringen kan du lese om hvordan Haukeland Universitetssjukehus behandler dine personopplysninger. Du finner også informasjon om hvilke rettigheter du har, og hvordan du kan gå frem dersom du ønsker å gjøre bruk av dine rettigheter.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) har eigne poliklinikkar for blodprøvetaking, først og framst for pasientar som er innlagde eller får poliklinisk behandling ved sjukehuset.

Alle pasientar som kjem frå primærhelsetenesta, må ha med rekvisisjon og prøvetakinga blir gjort i poliklinikk for prøvetaking i Sentralblokka. Barn blir tilvist til laboratoriet på Barne- og ungdomsklinikken.

Les meir om blodprøvetaking og sjå oversikt over poliklinikkar for prøvetaking

Mange pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og omsorgen for sine nære, men kan også ha behov for støtte og hjelp til å meistre sin eigen livssituasjon.

Les meir om dine tilbod og rettar som pårørande 

Les meir om barn som pårørande 

Pasientar og pårørande har mellom anna rettar i forhold til reise- og opphaldsutgifter, kostpengar og opplæringspengar ved opplæringstiltak i grupper. Pasientar og pårørande har også rett til val av behandlingsstad. 

Les meir om rettar ved pasient- og pårørandeopplæring 

Pasientar som blir tilvist til planlagt behandling i spesialisthelsetenesta, skal få brev frå sjukehuset der det framgår om dei har fått rett til nødvendig helsehjelp.

Dei som har slik rett, får ein frist (dato) for når utgreiinga eller behandlinga seinast skal starte. 

Les meir om rett til nødvendig helsehjelp

​Du har rett til å ta del i val om eiga behandling. Dette blir kalla samval og blir gjort saman med helsepersonell. Når du skal vere med å velje, spør deg sjølv: Kva er viktig for meg?


Helsepersonell har teieplikt og kan ikkje formidle helseopplysningar om deg til andre dersom du ikkje har gitt samtykke til dette, eller det er bestemt i lov som for eksempel når det er nødvendig for å sikre forsvarleg helsehjelp. 

Les meir om teieplikta og vern av din helseinformasjon 

God kommunikasjon og gjensidig forståing er grunnleggande i møtet mellom pasient og helsepersonell. Lik tilgang til helse- og omsorgstenester av god kvalitet er i mange tilfelle avhengig av at informasjon og kommunikasjon er lagt til rette for ved hjelp av tolking. 

Les meir om tolk​ og dine rettar som pasient






Barn og unge på sjukehus

Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skule/ barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus.
Les tips og råd til barn og unge
A close-up of a woman
Last updated 11/7/2024